Sommarens journalisthappening!

(24.04.10) Det blir ekstraordinært årsmøte, seminar og fest i Førde i juni. Med grillparty og underhaldning av Bjørn Hellfuck, Donkeyboy og Ralph Myerz!

Det blir ekstraordinært årsmøte, seminar og fest i Førde i juni. Med grillparty og underhaldning av Bjørn Hellfuck, Donkeyboy og Ralph Myerz!

Sogn og Fjordane Journalistlag kallar med dette inn til ekstraordinært årsmøte og vårseminar i Førde laurdag 5. juni, på Rica Sunnfjord hotell.

Program:
Kl. 12: Lunsj
Kl. 13: Ekstraordinært årsmøte. Tema: Årbokavtalen
Kl. 15: Fagleg påfyll
Kl. 17: Grillfest i hagen, med cava, jordbær og lett underhaldning!
Kl. 20: Sommarfest i Sunnfjord

Grillfesten er vorspiel til Sommarfesten i Førde - som vi har skaffa oss eit visst antal billettar til laurdags kveld. Her skal bandene Donkeyboy, Ralph Myerz og Bjørn Hellfuck spele til seint ut i dei små nattetimane. Og det er GRATIS! Journalistlaget spanderer konsertbillettane!

 

Les meir om arrangementet på Sommarfest.no

 


Vil DU vere med?

Det er først til mølla når det gjeld hotellovernatting og konsertbillettar - dette er ei svært populær helg å vere i Førde, og konsertarrangørar og hotell må ha tidleg beskjed om kor mange som kjem.

Påmeldingsfrist: Absolutt siste frist er fredag 14. mai kl. 12.

Påmelding til aage.senneset@fjt.no

 
Det vil bli sendt ut formell innkalling til ekstraordinært årsmøte første veka i mai.

Vi sjåast i Førde i juni!



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING