Språkpris til Idun Husabø Anderssen

(15.12.03) Journalist Idun Husabø Anderssen er tildelt NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2003.

- Det er sjeldan husets yngste får den, men Idun er av dei mest språksikre vi har, seier distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Magni Øvrebotten. 

Foto Asle Veien © NRK

Foto: Asle Veien, NRK Sogn og Fjordane

Idun Husabø Anderssen var nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane til i vår, og fann fort sin eigen stil både i radio og fjernsyn. Ein god og trygg nynorskbrukar. Idun er dessutan flink til å rettleie andre og tek eit medansvar for totalinntrykket av NRK Sogn og Fjordane, heiter det i grunngjevinga frå juryen. I tillegg til distriktredaktøren sitt teknikar Jostein Nyfløtt og journalist og språkkontakt Geirmund Henjum i den interne juryen.

Prisen er eit bilete av "Eikaashesten", som er bumerket til NRK Sogn og Fjordane.

 

Foto: Asle Veien, NRK Sogn og Fjordane



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING