![]() |
Under NRKJs årsmøte tysdag ville fleire av delegatane vite kvifor direktør i NRK kringkaster Annika Bjørnstad heile tida må kutte. Frå talarstolen kunne Bjørnstad fortelje at det langt i frå er ho som står bak alle kutta.
- Eg vert gjerne skyteskiva. Slik ønskjer eg ikkje at det skal vere. Tek ein direktør eller sjef i NRK eit val, må ein sjølvsagt stå for dette. Eg bestiller ein vare, då er det motparten som må levere.
- Er du lei av kritikken?
- Eg får gjerne skulda for ting eg ikkje står bak. Det er då slik at føre eit budsjettmøte så er det sjefar rundt om kring i systemet som kjem med sine forslag. Dei legg forslaga på bordet, forslaga må dei og stå bak.
Nøgde
NRKJs nestleiar, Hege Iren Frantzen, er svært nøgd med avklaringa frå kringkastaren.
- Dette gjer det mogeleg for oss å adressere kritikk til den rette. Vi har ved fleire høve opplevd at sjefane viser til kringkaste, når skulda skal fordelast. Det Bjørnstad seier vil gjere situasjonen enklare for dei tillitsvalde, hevdar Frantzen.
FOTO: Therese G Pisani


