Vi har sendt denne støtta til redaksjonklubben i Dagbladet:
Støtte til kollegaer i Dagbladet
Journalistlaget i NRK støttar dei tilsette i Dagbladet i kampen mot nedbemanning i avisa.
Den foreslåtte nedbemanninga er så omfattande at kvaliteten på avisa kjem til å bli svekka. Mangfaldet i norsk media blir såleis også svekka.
Det er eit paradoks at eigarane av Dagsbladet har gjeve seg sjølv eit utbytte på 30 millionar kroner samstundes som eit stort antal journalistar blir definerte som overtallige. Det vitnar om grådige eigarar.
Både leiing og eigarar har vist liten vilje til å ta menneskelige omsyn i omstillingsprosessen i Dagbladet. Det er særs kritikkverdig.
Ei så stor nedbemanning er dramatisk for enkeltpersonar og arbeidsmiljøet i bedrifta.
Journalistane i Dagbladet har derfor vår fulle støtte!
Oslo 30. mai 2005
For NRKs Journalistlag
Leif-Kjartan Bjørsvik Pål Hansen
Leiar Nestleiar

