Styreleiaren i NRK hadde knapt slått klubba i bordet før kulturstatsråd Valgerd Svarstad Haugland i eigenskap av å vere generalforsamling
for kringkastingsselskapet dukka opp i alle kanalar og overprøvde vedtaket om å slå saman distriktskontor. Samanslåing av
kontor i Nord-Noreg, på Vestlandet og på vestsida av Oslofjorden har vore ei heit potet denne sommaren. Mange har meint mykje
om saka. Det er naturlig. Ikkje noko engasjerer politikarar og andre her i landet så mykje som ein debatt om distrikt og lokalisering.
Auka journalistisk slagkraft og krav om å spare 10 millionar kroner har vore vekslande forklaringar frå leiinga på kvifor det er naudsynt å slå saman distriktskontor. Styret fatta sitt vedtak trass i sterke protestar frå publikum, politikarar og tilsette. Representantane for dei tilsette røysta mot forslaget. Dei og fagforeiningane i NRK grunngav haldninga si med at ein må evaluere og sjå konsekvensane av samanslåingane i Trøndelag og Hedmark/Oppland før ein vedtar fleire samanslåingar. Desse kontora blei vedtatt samanslått før jul i fjor og byrja felles sendingar denne månaden.
Generalforsamlinga i eit selskap er overodna styret. I NRK sitt tilfelle er det Valgerd Svarstad Haugland som for tida har rolla som generalforsamling. Styret rekna med at det etter vedtektene for selskapet var ei sak om generalforsamlinga ville ha meiningar om. I løpet av nokre hektiske ettermiddagstimar rakk statsråden tydligvis å halde ei slags generalforsamling for seg sjølv og var like rask med å meddele offentligheita utfallet. For så vidt prisverdig sidan generalforsamlinga var einaste instans som kunne gjere noko med styrevedtaket. Noko dei tilsette på distriktskontora var interessert i, og for så vidt vi i NRKJ også.
Men det må ha gått litt fort for statsråden denne varme seinsommar-ettermiddagen. Ho etterkom ønskje om evaluering før fleire samanslåingar. Men berre for kontora i nord og på Vestlandet. For kontora ved Oslofjorden var ikkje argumentet gyldig. Ikkje spesielt logisk og ikkje spesielt forståeleg. Kva er skilnaden på kontora i Telemark, Vestfold og Buskerud som gjer at dei kan slåast saman no, men NRK må vente eit år med å eventuelt gjere det med dei andre? I tida etter den hektiske ettermiddagen har statsråden forsøkt å gjere greie for seg. Med vekslande hell. Ho klarar knapt å forklare kvifor ho greip inn og overprøvde styret. At tre kontor likevel kan slåast saman fordi ho likevel ikkje er prinsipiell, ser ho ut til å ha gløymt. Skal ein vere prinsipiell, må ein vere prinsipiell ? fullt og heilt. Den kan sjølvsagt vere at statsråden gjorde som ho gjorde fordi støyen har vore høgast frå Finnmark og Sogn og Fjordane. Det gjer ikkje saka noko betre og seier i så fall mykje om kvifor statsråden engasjerte seg så brått i saka.
Lov og vedtekter avgjer kva tid ei generalforsamling kan blande seg inn i drifta av eit selskap. Når det gjeld samanslåing av distriktskontor er det nok naturlig at generalforsamlinga vurderer saka, i alle fall etter dei vedtektene som gjeld for NRK i dag. Men ho burde i det minste ha venta til styret hadde orientert henne om alle detaljar i vedtaket og formelt halde generalforsamling før ho rykka ut.
Ved å overprøve styrevedtaket klarte Svarstad Haugland meir enn å irritere og frustrere publikum og NRK-tilsette i Telemark, Vestfold og Buskerud. Ho klarte å hisse opp den ellers så sindige kringkastingssjefen. Styreleiar Anne Carine Tanum er sikkert like irritert. For dette handlar om ha tillit det styret ein sjølv har peika ut og sett til å løyse ei oppgåve, mellom anna å få budsjettet for 2003 i balanse. I år er det budsjettert med eit underskot på 90 millionar kroner i NRK. For å få lov til det sette generalforsamlinga som vilkår at budsjettet for neste år skal gå i balanse. Styret og administrasjonen jobbar med den saka. Eit av forslaga var å spare 10 millionar kroner ved å slå saman distriktskontor og samstundes oppnå ?betre journalistisk slagkraft? (her er NRK-leiinga usamde med seg sjølve om kva argument som eigentleg betyr mest?). Men no blir ikkje det noko av sidan statsråden har bestemt noko anna. NRK må likevel spare pengar, det har i alle fall ikkje kome politiske signal om noko anna. Distrikts- og nyheitsdivisjonen (NYDI) må spare 10 millionar. Det er mykje pengar når vi veit at budsjetta har vore gjennom ein kraftig slankekur dei siste åra. Men NYDI er ikkje åleine. Dei andre divisjonane må også yte sin del for å få 2003-budsjettet i balanse. Det kjem derfor til å bli nok ein blodig haust i kringkastinga. Sjefar kjem til å gå laus med sparekniven. Den prosessen kjem til å bli endå verre og meir smertefull enn den relativt godt førebudde samanslåinga av distriktskontor.
Den offentlige interessa for NRK er rørande. Den politiske interessa endå meir rørande. Politikarane klarar ikkje å kontrollere seg i sin styringskåtskap. Lengda på sendingar, kva tid morgonandakta skal sendast og geografisk plassering av redaksjonar er berre nokre av detaljane dei elskar å legge seg bort i. For oss i journalistlaget i NRK er tilhøvet til politikarane ambivalent. Vi har 1.400 medlemmer over heile landet. Det seier seg sjølv at det er mange omsyn å ta og mange kryssande interesser i ein så stor og samansett organisasjon som NRKJ. Innblanding frå politikarane kan derfor bidra til å lette litt på trykket i ei bestemt sak. Men NRK skal sjølvsagt ha full journalistisk fridom og vere uavhengig. Ingen skal kunne stille spørsmål ved den journalistiske integriteten i verksemda. Og det er kringkastingssjefen som er redaktør for NRK, ingen andre.
Igjen er dette blitt ein diskusjon om eksistensen til enkelt-redaksjonar. Etter kvart som budsjettforslaga kjem utover hausten blir det igjen ein intern og offentleg diskusjon om kva program NRK har råd til å sende og kva som må ofrast for å få budsjettet i balanse. Ein slik diskusjon med påfølgande politisk støy er vi etter kvart blitt vane med. Den kjem kvar haust, slik som haustjakta. Men ingen styringskåte politikarar med stort behov for å helse heim har til no klart å heve blikket, tenkje heilheitleg og sjå framover. Utfordringane står i kø for NRK, digitalisering er berre eit døme. Med utfordringane følgjer det kostnader. Men pengar er det lite av i NRK. Dei siste åra er kvar krone snudd minst to gonger før nokon har fått lov til å bruke den. Journalistlaget i NRK saknar ikkje berre pengar. Vi etterlyser også ein heilheitleg debatt om allmennkringkastaren og ei heilheitleg haldning frå politikarane. Det er på tide at dei økonomiske rammevilkåra for NRK blir sett på dagsorden. Her har eigaren eit særskilt ansvar. Gje oss levelige rammer så skal vi ordne resten sjølv. Ingen andre kan drive NRK betre enn det dei tilsette og leiinga i NRK kan.
Av Leif-Kjartan Bjørsvik, nestleiar i NRKs Journalistlag