Stian tilbake til NRK

(03.09.07) Stian Sjursen går frå Firda til NRK Sogn og Fjordane 1. oktober.

Stian Sjursen starta i Avishuset Firda 1. mars i år. Der skulle han bygge opp ein ny fylkesradiokanal på internett. Den nye kanalen, Radio Vest, er no på lufta 24 timer i døgnet med musikk, lokal reklame og riksnytt.

Fekk ikkje leige konsesjon
- Men for å forsvare ei vidare satsing med lokale nyheiter og programleiarstyrte sendingar måtte vi på FM-nettet. Av ulike årsaker lukkast det ikkje Avishuset Firda å få leige FM-nettet i Sunnfjord no i haust, seier Stian Sjursen. Firda kan få sin eigen konsesjon for FM-sending, men ikkje før til neste sommar.

Radio er livet
-Dermed blir det ikkje meir radiojobbing på meg i Firda før tidlegast neste sommar. Det er sikkert mange andre spennande utfordringar i Firda, men for meg er det radiojobbing som er livet. Når NRK Sogn og Fjordane hadde ein spennande radiojobb ledig, valde eg å takke ja til det, seier Sjursen.

Angrar ikkje
- Men eg angrar ikkje eit sekund på at eg tok denne utfordringa. Eg har hatt eit flott halvår i Firda der eg har lært mykje om å starte opp ein heilt ny radiostasjon. Tusen takk til alle i Firda som tok så godt imot meg.

Stian startar i NRK Sogn og Fjordane 1. oktober, der han tidlegare har jobba i 10 år.


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING