Stikkord: Gardermoen

(08.12.03) - Så mange journalistar har eg ikkje hatt framføre meg på mange år. De er vel like utkråpne som før, tenkjer eg, sa Kjell Opseth til journalistane på fleirdagssamlinga i Kalvåg. ? Mykje hadde nok vore annleis her i verda, om det ikkje var for journalistar og media, meiner den røynde politikaren, som har hatt både-og opplevingar med pressefolk.

Med 20 år i det sentralpolitiske livet, og sju år som statsråd, veit Opseth korleis media skal taklast. Han veit også korleis dei skal brukast. Det vedgår han at han har gjort. Stikkord: Gardermoen.

 

Hardt pressa

- Eg legg ikkje skjul på at eg har vore fortvila mange gonger. Det har vore eit hardt press mot departementet og meg som statsråd. I slike situasjonar ønskte eg mange gongar journalistane dit pepparen gror, fortalde Opseth. Stikkord: Gardermoen.

  - Eit godt tilhøve til journalistane er avgjerande for ein sentral politikar. Ein må vere open og ikkje avvise dei. Ein er jo innbyrdes avhengige av kvarandre, politikarane og journalistane, meiner Opseth.

  - Eg er ofte forundra over det journalistane er opptekne av. Ein kan lure på om det er gode nyhende eller berre dårlege hendingar ein er ute etter. Eg føler de har ein tendens til å profilere det negative. Eg trur som lesar og lyttar er meir oppteken av gode nyhende enn det negative. Det bør de tenke gjennom, tykkjer Opseth.

 

 Kjell Opseth sit som styremedlem i Helse Førde. Der har det i lengre tid vore lukka dører på styremøta, til media si store misnøye.

  - I utgangspunktet meiner eg at dess opnare ein er, dess meir korrekt er informasjonen. Det er også slik at lukka møter er mykje meir interessante enn dei opne. Når vi opnar møtene no, vil det ikkje vere mange journalistane som vert sitande att på møtene etter eit tid, trur Opseth.

  Han er oppteken av at media skal ha eit samfunnsbyggjande ansvar. Media dannar haldningar og meiningar i samfunnet.

  - Media har ein tendens til å førehandsdøme, og slår tabbar stort opp. Men eg har knapt sett eit medium som slår opp at dei sjølv har teke feil og ber om orsaking.

 

Opseth har sjølv opplevd mediastormen mot seg, og han har stundom følt den urettvis. Sjølv har han orsaka for ting, og han har faktisk også fått orsaking for feil handsaming i media. Stikkord: Gardermoen.

  Når eg sat i Stortinget i 1981 var media lite plagsame her i fylket. No går de her i fylket i same skulen som i Oslo. De er omlag like aggressive alle saman. Det er meir krevjande å møte journalistane her i dag enn på 60- og 70-talet, meiner Opseth.

  Då skyt Frode Søreide kjapt inn: Det er det blitt med deg også!

  Opseth har fram til no ikkje teke eit intervju som han ikkje har fått lese gjennom (med unnatak av dette stykket. Sorry, Kjell). Likevel har det berre skjedd ein gong at han har nekta journalisten å trykke ei sak. Stikkord: Gardermoen?

 

BB: Geir Arne Solheim



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING