Shabana Rehman.
Shabana Rehman har sagt ja til å stille på Hauststormen 2004. Shabana vart kjent for alle då ho tidlegare i år løfta Mullah
Krekar. På Hauststormen er ho invitert for å løfte stemninga. Meld deg på i dag og opplev Shabana.
Rafto-prisen
Rafto-prisvinnar Leyla Zana er nett sett fri frå 10 år i fengsel i Tyrkia. Ho kjem til Hauststormen. Raftostiftinga fortel
korleis dei jobbar for å finne fram til prisvinnarane. Fleire Rafto-prisvinnare har seinare fått Nobels fredspris.
"Journalistar er nyttige idiotar for advokatar og politi!"
Både påtalemakta og forsvararane brukar media for å lekka informasjon dei er interesserte i å få ut. Eksempel er drapssaka
i Førde. Med mellom anna statsadvokat Walter Wangberg.
Svensk krimjournalistikk vs. Norsk
I Sverige får journalistane tilgang til bl.a. etterforskingspapir og andre dokument som vi i Norge ikkje får sjå. Kva betyr
det for svenske krimjournalistar sitt arbeid? Bør dette også bli vanleg i Norge? Ein svensk erfaren krimjournalist er mellom
dei som kjem til denne delen avl Hauststorm-programet.
Gravande journalistikk!
- Arne Frøkedal og Joar Grindheim stiller med Kloster-Rundhovde-saken. Aksel Kloster møter også på Hauststormen 2004. Kloster
ble satt til veggs i en sak hvor det ble stilt spørsmål om hvor han hadde gjort av pengene til Endre Rundhovde. Kloster gikk
av som ordfører i kvinnherad i fjor. Dei to journalistane har vore påmeld til Skup for sitt arbeid med denne saka.
Fotojournalistikk
Trygve Sørvaag, freelance-fotograf i london har sagt ja til å ha et lite seminar om hvordan det er å "make it out there",
og hvordan det er å bruke bilder som hovedstory.
Hauststormen går av stabelen i Bergen 24. - 26. september. Spør din arbeidsgiver om å få reise! ALLE detaljene finner du
her:
www.hauststormen.com

