Stor interesse frå vikarane: Sytti journalistar til BJ sitt møte for mellombels tilsette

(28.10.04) Bergen journalistlag (BJ) arrangerte tysdag 2. mars orienteringsmøte for ”laushundar”, vikarar og mellombels tilsette med fast jobb som den fjerne draumen. Med seksti frammøtte på Cafe Clue, og godt engasjement mellom tilhøyrarane, var møtet ein god start på lokallagets satsing på laushundane sine vilkår.

Av Ketil Tjore

 

Frå Norsk Journalistlag (NJ) stillte jurist Knut Skaslien, som orienterte om når ein skal reknast som frilansar og kva vilkår som skal oppfyllast før ein er arbeidstakar.

Audun Solberg frå Oslo Journalistlag var på plass for å fortelja om kva NJ har gjort og vil gjera for denne medlemsgruppa i tida framover. I Oslo har lokallaget gjennomført liknande orienteringar tidlegare, no ynskjer også BJ å gjera meir for dei som av ulike grunnar ikkje får fast tilsetting.

Solberg la fram tal som viser at ti prosent av alle journalistar mangla fast tilsetting for ti år sidan, i dag er denne andelen dobla til tjue prosent. Og for dei under tretti år er heile 46 prosent tilsett som vikarar, på frilanskontraktar eller liknande.

BJ har oppretta ei eiga mailingliste for dei som ynskjer meir informasjon om sine rettar som mellombels tilsett, og som vil ha kontakt med andre i same situasjon. Om du ynskjer å koma på denne lista, send ein epost til BJ-styre

t.

Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING