Tekst: Silje Midttun
Årsmøtet på Leangkollen hotell i Asker vart effektivt avvikla med vanlege årsmøtesaker. Temperaturen steig noko då årsmøtet røysta over to innkomne forslag. Det eine eit forslag om namneendring til Norske Frilansjournalister (NFJ), det andre eit forslag om å behalda Frilanssatsane parallellt med NJs Frilanskalkulator som vart lansert same dag. Begge forslaga vart nedstemde.
![]() |
| Styret i Frilansjournalistene samlet etter årsmøtet. Fra venstre Silje Midttun, Toralf Sandåker, Greta Dalen, Jeanette L. Bækkevold, Jørn Wad og Inge Ove Tysnes. Heidi Løkken var forhindret fra å være til stede. Foto: Roger S. Brendhagen |
Kontinuitet i styret
Jeanette L. Bækkevold er einaste nye faste medlem av styret. Bækkevold er fotograf og basert i Oslo. Ho har det siste året
lagt ned ein stor innsats som FJs konsernkontakt i Hjemmet Mortensen. Elles er det nye styret prega av kontinuitet. Inge Ove
Tysnes og Toralf Sandåker tok begge gjenval og fekk Årsmøtet sin fulle tillit. Heidi Løkken, Greta Dalen og Silje Midttun
var ikkje på val. Roger Strandli Brendhagen tok ikkje gjenval til styret, men vert nytt medlem av FJs valkomité.
Varamedlemmer til styret er Renate Nedregård, Sigurd Aarvig, Inger-Anita Merkesdal Hall, Anne-Lise Aakervik og Stian Lysberg Solum.
Ære til Aarønæs og von Münchow
I samband med at FJ i år har 30-årsjubileum, utnemde styret før årsmøtet Lars Aarønæs og Otto von Münchow til æresmedlemmer.
Dermed har FJ no fem æresmedlemmer. Reidar Jensen, Otto Risanger og Bjørn Brøndbo har fått denne æresutnemninga tidlegare.
Av æresmedlemmene deltok Reidar Jensen på 30-årsjubileet, der han saman med Jørn Wad gav middagsgjestene ein underhaldande
historisk kavalkade.
I full sving
Det nye FJ-styret er alt i full sving med arbeidet. Som kjent manglar det ikkje på store, viktige utfordringar om dagen.



