Kjære kollegaer, kjære vennar av NRK.
Det er kjekt å sjå at stemninga er så god, men for oss som er glade i NRK er dette triste dagar.
Det er trist for å oss å høyre eldgamle reprisar i våre sendeflater på radio.
Det er trist å sjå dyreprogram i reprise frå februar 2004 når det skulle ha vore dagsrevyen med det siste av det siste.
Det vi ser når vi har vore rundt i fylket og prata med folk er at det er mange som syns dette er trist.
Til stadigheit får vi høyre at folk saknar fylkesnytt. Rett nok seier dei gjerne noko slikt som, endeleg spelar dåkke skikkeleg musikk, eller jammen er det godt å sleppe å høyre han eller no på lufta, men so kjem det ganske alvorleg, men det blir litt stilt på måråkvisten utan fylkesnytt……
Her er ei sann historie frå i dag tidleg då Geirmund Henjum her stod på streikevakt. Då kom der ein kar bort og sa , her har dåkke pengar til kaffe, vi saknar dåkke og støttar dåkke.
Til dei og alle dåkke andre har eg lyst å sei, det er trist for oss og.
Vi gjer ikkje dette fordi vi vil, men fordi vi må.
I meir enn 13 år har mine eldre kollegaer venta tolmodig på at løftene frå dåverande kringkastingssjef Einar Førde skulle haldast. Vi vart lova at innan nokre år skulle NRK vere blant dei 10 best lønna mediebedriftene i landet.
Tatt i betraktning at leiinga til stadigheit skryt av at NRK er norges leiiande mediebedrift var det slettes ikkje unaturleg at en iallfall skulle lønnast blant dei ti…
Men det skjedde aldri….. Tolmodig har vi venta, ikkje har vi streika kun høfleg forventa at løfta skulle haldast.
Men kva har skjedd….. vi har ramla nedover statistikken!
I fjor låg vi på 39 plass………. No er vi heilt nede på 43 plass……
Journalistane i NRK Sogn og Fjordane ligg heilt nede på 96. plass
For meg er det eit paradoks at vår bedrift som leve av truverde oppleve at leiinga bryt løfter….
Difor krevde vi i år eit flatt lønstillegg på 16000 kroner. Det er ikkje eit urimeleg krav. Oppgjeret i staten ligg rundt dette nivået.
Og sjølv med dette tillegget ville vi truleg ligge rundt same nivået på statistikken.
Kravet var meint for å bremse turen nedover statistikken.
Difor var det trist å oppleve at vi vart møtt med eit lågare tilbod der delar av det er eit trynetillegg som truleg ville gjort at dei som tener godt i NRK ville fått meir medan låglønte journalistar på bygda ville sakka endå meir akterut.
I tillegg fekk vi kontant nei på kravet om ekstra fridagar sjølv om andre mediebedrifter har dette. Fleire har hatt dette sidan 1946.
I tillegg ba vi om at vikarar skal ha det same vernet i NRK som i resten av medienorge. Vi ynskjer at vikarar skal få halde fram i vikariatet sitt dersom journalisten dei vikarierer for får forlenga sin permisjon. I dag har NRK har størst forbruk av mellombels tilsette i medie-Norge. Ved å ikkje kome journalistane i møte, forsøker dei å vidareføre bruk og kast-politikken av unge og arbeidsvillige journalistar.
Under streiken opplever vi at
- Sjefar no les dagsnytt – dette er oppgåver dei ikkje gjer til vanleg.
- Innslag produsert av streikande journalistar blir sendt under streiken
- Søppel og arkivmateriale blir brukt å halde sendingar i gang.
Og ikkje minst såg vi at det under Bislett Games vart brukte opplegg og utstyr som streikande NRK medarbeidarar hadde brukt lang tid på å gjere klart. Så vart eit selskap frå Sverige hyra inn for å trykke på knappen.
For oss er dette det same som om folk blir hyra inn på ei produksjonsbedrift som Kleven verftet for å fullføre ein båt under ein streik….
I sum gjer dette at det no pågår ein kamp om sjela til NRK.
Skal det vere ei bedrift som høyrer på dei tilsette…
Skal det vere ei bedrift som held løfta sine…
Skal det vere ei bedrift som tøyer og bøyer reglane under streik.
I denne kampen er vi som er glade i NRK villige til å streike så lenge som nødvendig.
Difor kosar vi oss no i fineveret, men veit at kampen kan bli langvarig .
Kos dåkke

