![]() |
- Dei er i ei lovleg konflikt, seier Hoen, som sjølv har jobba for NRK.
Kult
Etter ein kort introduksjon frå Hoen framfører koret på kring 150 NRK-medarbeidarar eit spesialkomponert streikestev.![]() |
- Eg syns vi traff tonen relativt bra, eg, seier Marion Solheim i Dagsnytt-klubben etter framføringa.
– Veldig bra at vi fekk syngje for sponsorane. Generøst av fiffen. For min del sakna eg ropert og banner, men innsatsen er det ingenting å seie på, legg ho til.
- Området var fullt av VIP-gjestar og sponsorar, som er dei som er mest skadelidande av streiken. Det var veldig sporty at vi fekk syngje, seier Ingerid Stenvold, før ho traver avgarde til andre sida av Bislett stadion.
Brøl
Ikkje mange minutt seinare stiller NRK-koret seg opp ved hovudinngangen, for fjerde gong denne kvelden.
- Ein siste gong no, seier Ingerid Stenvold, og får koret til å lage sitt eige NRK-brøl.
Stevet de streikende sang:
Oppe på Marienlyst der jobbe ein gjæng
Hei for jussebassi, jussebassi jom
Som jobbe og slit, men som ikkje får pæng
Hei for jussebassi, jussebassi jom
Finaste journalistan - OPP ME HAINNA!
Johnny Bernander - no e vi forbainna
Hei for jussebassi jom
Snart e lommeboka tom
Hei for jussebassi, jussebassi jom
Av Kjetil Malkenes Hovland



