Streikestøtte frå avistoppane

(06.06.06) Klubbleiarane i avisene i Sogn og Fjordane gav si fulle støtte, då dei deltok på streikemøtet til NRK-journalistane i Førde i dag.

KAMERATAR: Eirik Thue i Sogn Avis (t.v.), Reidar Geithus i Ytre Sogn, Jon Sørland i Firdaposten, Åge Senneset i Fjordenes Tidende, Oddleiv Løseth i Firda Tidend, Terje Gilleshammer i NRK og Svein Heggheim i Firda. Frilansjournalistane sin representant, Marit Bendz, var ikkje til stades då biletet vart teke.

- De har vore flinke til å støtta kvarandre og stå saman så langt i streiken. Stå på vidare, sa leiar i Sogn og Fjordane journalistlag, Jon Sørland til dei streikande NRK-journalistane.



HAGESELSKAPET: NRK-journalistane Olga Wergeland (f.v.), Gro Ravnestad, Synnøve Aasland, Kjellrun Lavik, Mari Stephansen, Terje Gilleshammer, Stein Aase, Kjell Arvid Stølen og Noralv Pedersen nytte finveret og ein kaffikopp før streikemøtet.

I tillegg til dei siste oppdateringane om streiken frå sentralt NJ-hald, stod grilling, småprating og planleggjing av den store streikekonserten i ettermiddag på tapetet.



MATPRAT: Heidi Fagna, Øyvind Torvund og Stian Sjursen såg til at frosne REMA-burgarar vart fristande journalistmat. 

Startskotet for NRK-streiken gjekk onsdag klokka 15.01, og ingen veit førebels når den kan vera over.



OPPDATERING: Harald Kolseth (t.v.) og Asgeir Reksnes har gått frå å vere nyheitsprodusentar til nyheitskonsumentar.


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING