Streiketog trassa pøseregnet i Førde

(02.06.06) Trass ein vestlandsommar av det tradisjonelle slaget, med pøsande regn, marsjerte dei streikande NRKJ-journalistane gjennom Førdegatene i dag. Dei tromma, gjekk på ski og skapte stor stemning. I eit opptog du sjeldan ser i Sunnfjord, fekk journalistane klart fram kvifor dei streikar. Etter opptoget var det streike"sending" frå handelshuset.



Torsdag 1. juni reiste NRK-journalistane fylket rundt for å fortelje om kvifor dei ikkje lenger gjev folk i Sogn og Fjordane radio og tv. Fredag 2. juni var det opptog gjennom Førdegatene og streike-"sending" på Handelshuset.

Løna må opp
NRK Journalistane ønskjer å få fram bodskapen om kvifor dei streikar. - Vi er nr 1. på oppslutnad, men dette viser slett ikkje att på lønstatestikken til mediebedriftene her i landet. Der kjem vi langt langt nede på lista. Det seier streikeleiar Terje Gilleshammer. 

Bernander må bla opp
Dei som møtte dei streikande journalistane i Førde fredag sakna lokalradioensin, men støtta kampen som NRKJ-journalistane no kjempar.

- Vi også håpar vi snart er tilbake på lufta. Ballen ligg no hjå Bernander. Kjem han med eit tilbod vi kan godta, er vi tilbake på jobb med ein gong, seier Gilleshammer.

Støtte frå dei tørre på kontora
Også på SMS kom det støtteerklaringar medan journalistane trassa høljeregnet og gjekk plaskande gjennom gatene.

"Dere er de tøffeste streikerne - i regnvær.... Stå på! Vi inne på de varme og tørre kontoren støtter dere..." 


-Slike meldingar varmar ein streikande journalist. No vart eg glad, sa Anne-Mette Hjelle då ho leste meldinga. Dersom ein var i Førde sentrum fredag ettermiddag, var det umogleg å ikkje høyre eller sjå dei streikande.

- De kan dette med å streike, sa ein av dei som støtta aksjonen.



GJEKK PÅ SKI: Dei hadde både trommer, rulleski, vanlege ski og bannere, dei streikande NRK-journalistane.

KLART KRAV: Krava til NRK-journalistane er klare; Meir løn og ikkje meir trynetillegg.


GOD STEMNING: Dei laga god stemning journalistane som gjekk gjennom heile sentrum fredag ettermiddag.

FEKK KRUS I PREMIE: Ein av dei som var med på konkurransen til NRK-journalistane fekk streikekrus i premie. Gratulerer!

LØN: NR.1 på oppsluttnad, men nr. 43 på løn. Dette godtek ikkje NRK-journalistane.

VÅTT: Dei var etterkvart våte, men det gjorde ingenting med humøret.

 

 

 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING