Streikevaka i gang i Førde

(30.05.06) Ved NRK Sogn og Fjordane er streikevaka i gang. I kantina følger journalistane den spennande meklinga hjå riksmeklingsmannen sitt kontor. Stemninga og streikeviljen er stor rapporterer streikekomiteen som serverer vaflar, snaks og pizza. Du kan følge meklingsvaka her på nettsidene utover kvelden og natta.




Camilla Tjønn Thingvoll og Heidi Fagna.
Meklingsfristen for oppgjeret mellom NRKJ og NRK går ut ved midnatt. Dei førebelse rapportane frå Riksmeklingsmannen sitt kontor, tyder på at avstanden framleis er stor mellom partane.

Du kan følge oppgjeret på www.nj.no/nrk .
Dersom det ikkje blir avtale mellom partane, blir det streik i NRK. I verste fall blir det stille på alle radiokanalar og svart på alle tv-kanalar.

I Sogn og Fjordane er det alt klart at det ikkje blir radiosendingar, nettoppdatering eller Vestlandsrevy.

Streikevake i kantina på NRK Sogn og Fjordane.

Stian Sjursen steikar vaflar.

 

 

Journalistane i Førde gjer i kveld dei siste førebuingane før ein eventuell streik. Streikelokaler er på plass, streikevaktlister er klare og ikkje minst er streikeviljen på topp.

Bratte Bakkar følger meklingsvaka utover kvelden. Følg med.......

 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING