Streikevaktene på plass igjen

(06.06.06) Etter ein velfortent pinseferie var streikevaktene på plass igjen utanfor NRK-huset i Førde i dag. Samstundes er førebuingane til ettermiddagens store streikekonsert utanfor Førde Torg starta.

Streikevaktene Brit Jorunn Svanes og Torbjørn Fardal fortel at streikeviljen ikkje er blitt mindre i løpet av helga. Tvertimot. Streikeviljen er med andre ord framleis på topp.

Samstundes  som Brit Jorunn og Torbjørn var på plass utanfor NRK starta sluttspurten på førebuingane til streikekonserten utanfor Førde Torg klokka 16 i ettermiddag. Køyreplan skal skrivast og dei siste avtalane skal stadfestast. Scena skal riggast og lydanlegg testast. Fleire kjende artistar har sagt ja til å stille, og konserten vert ei viktig markering i den pågande lønskampen.


Ingenting å seie på streikeviljen hos Torbjørn Fardal og Brit Jorunn Svanes.

 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING