![]() |
| NJs nestleder Thomas Spence omringet av f.v. Munevver Yildiz (Bodø), Lone Lohne (Oslo). Bak f.v.: Sigrid Moe (leiar Studentlaget, Stavanger) og Anne Huso (Bergen) |
Nestleiar i NJ, Thomas Spence, informerte studentklubbleiarane om kva som har skjedd og korleis NJ arbeider med saka. Vikarbyråsaka er kanskje særleg aktuell for studentar ettersom dei om ikkje lenge er ferdige med studia og skal ut i eit usikkert mediearbeidsliv, kor vikarbyrå som kanskje tilbyr fast tilsetting kan verke forlokkande for fleire.
Klubbleiarane kom med mange gode forslag, og gjennom diskusjonen på møtet vart det bestemt at alle studentklubbane fram mot sommaren skal ta opp temaet gjennom informasjonsmøte, debatt, pizzakveld e.l., der ein representant frå NJ stiller opp. I tillegg kan studentklubbane gjerne samarbeide med lokallaga om aktuelle debattar. Informasjon til så mange studentar som mogleg vil vere eit svært viktig arbeid mot etablering av vikarbyrå i redaksjonane her til lands.
Vikarbyrå i mediebransjen vil også vere blant tema på Studentlaget sitt årsmøte i slutten av mars.
LES MER: NJ mot bruk av vikarbyrå i redaksjonene


