Styremøte 31. august 2005

(24.10.05) Referat fra styremøte i TJ 31. august 2005.

Referat

Styremøte i TJ

31.8.05 kl. 19.00 i ANBs lokale i Erling Skakkesg 54

Til stades: Erlend Hansen Juvik, Rolf Ivar Svensli, Jøte Toftaker, Kristin Gjærevoll, Marte Mona

Meldt forfall. Bjørn Tore Grøtte, Kathinka B. Høyden og Ann-Inger Borstad

Generell informasjon

* TV-Trøndelag. Tre av dei tilsette tok sluttpakke. Usemje i Adressa om dei skal ha same betaling som dei andre journalistane. Det blir opptrappingsavtale, slik at det blir same løn på sikt.

* Kathinka B. Høyden har fått ein baby. Ann-Inger Borstad er spurt om å vera vikar som kasserar, men det vil ho ikkje. Rekneskapen er ikkje i hamn trass i at fristen er 1. september. Rolf Ivar ringer NJ 1. september og ber om hjelp.

Sak 1. Hell-konferansen.

Første møte er 1. september. Erlend møter. Vanskeleg å få nokon til å ta ansvar for økonomien i konferansen.

Sak 2. Årsmøte i TJ

Styret bestemte at årsmøtet skal vera 21. oktober. Inkalling må sendast ut før 21. september. Vi satsar på Briannia for årsmøtefesten (men vil sjekke prisen).

Styret drøfta tre ulike forslag til TJs honnørpris som kan delast ut på årsmøtet dersom vi finn ein verdig kandidat.

Kjersti Nipen leiar valkomiteen. Erlend tar kontakt med henne.

Knut Sollihaug og Ingrid Lindgaard er medlemmer i valkomiteen.

Sak 3. Haustens arrangement

* Fagleg tillitsråd 21. oktober

* Jøte tar ansvar for lørdagscafé. Per Mathias Høgmo, Bengt Eidem og Jan Guillou (dokumentar om Bjugnsaka), er foreløpige forslag. Satsar på 2-3 cafear før jul.

* Medlemsmøte: Tema som kom opp som forslag var nedbemanning VG/Dagbladet og TV Adressa, Adressa i alle kanalar.

Vi vil halde utkikk etter gode og aktuelle tema og arrangere møte på kort varsel.

Eventuelt

* Styret bestemte at vi sender blomster til Kathinka. Kristin Gjærevoll ordnar det.

* Neste styremøte: Torsdag 15. 9. kl. 19.00 i ANBs lokale.

* Neste styremøte etter der: 13. 10. i Adresseavisens lokale på Nordre.

 

Møtereferent

 

Marte Mona

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING