Styremøte torsdag 24. april 2003

(24.04.03)

Telefonmøte

Til stades:
Skjalg Jensen, Knut Krav, Tor Kjetil Kristoffersen, Anne Olli, Johs Kalvemo og Ingunn Teigland.



Sak 1: Landsmøtesaker

Landsmøtet i NJ går føre seg i Sandefjord frå 6. til 8. mai. Delegatar frå
er Finnmark Skjalg Jensen, Tor Kjetil Kristoffersen og Anne Olli. Johs Kalvemo er der som avtroppande landsstyremedlem.

Hovudmålet er å få Skjalg vald inn i landsstyret.

Framlegg til endringar av vedtekter og anna vert vurdert av delegatane undervegs i landsmøtet.



Sak 2: Økonomien i Finnmark journalistlag

Knut opplyste om at regnskapsåret igjen kjem til å samanfalla med kalenderåret/budsjettåret.
Saldo per dato er 74.068,67 kroner.
Av dette er rundt 10.000 uteståande reiserekningar. Disponibel saldo vert då rundt 65.000 kroner.
Dette er pengar som vart innvilga frå NJ til eitt seminar, generell drift, styreaktivitetar og tillitsråd.
I perioden 1/9 til 31/12 2003 er me innvilga 44.000 kroner til eit fleirdagsseminar, som vert lagt til same helga som årsmøtet. 13.500 kroner er innvilga frå NJ til årsmøtet.

Knut og Skjalg sørger for rapport og søknad til runden per 01.05.03.

 

Sak 3: Internettsidene våre

Nettsidene til Finnmark journalistlag er kvite som snøen, og nettansvarleg Roy Ervin Solstad har ikkje tid å gjera noko med dei før 13. juni. Ingunn finn erstattar.

 

Sak 4: Uttale til støtte for ei permanent samisk journalistutdanning

Framlegget til Skjalg vart vedteke samrøystes etter nokre små justeringar.
Uttalen vart send utdannings- og forskningsdepartementet.

 

Sak 5: Aktiviteten framover

Johs kommenterte at det var svakt av FJ å ikkje vera representert ved Barents Press i Rovaniemi i april. Knut meinte at no må me fyrst og fremst gjera oss ferdige med landsmøtet. Der vil også delegatane prøva samla støtte for den samiske journalistutdanninga ved å ta kontakt med lyttande øyre på Løvebakken.

Det har vore på tale å få til eitt til fagleg seminar i vår, og eit aktuelt tema bør vera den nye finnmarkslova.

Pengane som FJ har på konto var løyvde til eitt semiar, og det har me hatt i Kirkenes. Eit eventuelt nytt seminar må difor finansierast eksternt. Skjalg har tidlegare høyrt med Sametinget og Samisk høyskole om dei har midlar, men svaret var negativt.
Ingunn sjekkar vidare om det kan vera andre finansieringskjelder, til dømes Justisdepartementet eller Barentssekretariatet.

 

Vardø 24. april 2003

Ingunn Teigland,
referent

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING