Telefonmøte.
Til stades:
Inger Elin Utsi, Tor Kjetil Kristoffersen, Mathis Eira, Rune Berg og Ingunn Teigland.
Forfall:
Fyrste vara Anne Berit Anti.
Sak 06/04: Petroleumsseminaret
Tor Kjetil har sendt ut invitasjonar til å delta. Han sender styret ei oversikt over kven som er inviterte.
Tor Kjetil har laga eit framlegg til søknad om pengestønad. Styret foreslo nokre små endringar.
Inger Elin sender ut søknadene.
Styret fordelte ansvaret for å fylgja opp dei me søker penger hjå:
Mathis: Sametinget
Tor Kjetil: Snøhvit næringsforening og Hammerfest kommune
Ingunn: Finnmark fylkeskommune
Inger Elin: Olje- og energidepartementet
Rune: Statoil
Sak 07/04: Landstinget 22. til 23. mars
Inger Elin reiser på landtinget.
Til neste styremøte førebur me oss til å ha ei formeining om politisk streik, om den venta omorganiseringa av NJ og om tariff/pensjonsordningar.
Dersom nokon har glød att, er det berre å setja seg ned med revideringa av offentlegheitslova.
Sak 08/04: Anna
FJ ynskjer at Inger Elin representerer FJ under SKUP-konferansen i Tønsberg 19. til 21. mars. FJ dekker konferanseavgift og opphald.
FJ sender ei helsing til Bent Eirik Reiertsen som ei oppmuntring i rekonvalesenstida.
Møtet vart heva klokka 14.21.
Ingunn Teigland,
referent

