Styret har etablert organisasjonsutval

(05.12.03) I tråd med vedtak frå årsmøtet har styret etablert eit utval som skal sjå på tilhøva for tillitsvalde og foreslå tiltak for å betre arbeidstilhøva.

Styrevedtaket:

NRKJ etablerer eit utval som skal sjå nærare på arbeidssituasjonen for klubbleiarar og foreslå tiltak for å betre tilhøva.

 

Mange tillitsvalde får lita tid til å utføre vervet sitt og ein hamnar lett i ei klemme mellom den redaksjonelle jobben og rolla som tillitsvald. Situasjonen er spesielt vanskelig på regionsentralane og i dei store klubbane i Oslo.

 

Organisasjonsutvalet må gå gjennom eksisterande regel- og avtaleverk for å sjå om det er mogleg å finne ei løysing. Utvalet kan foreslå endringar i avtaleverk der dei finn det naudsynt.

 

Frikjøp av tillitsvalde er også ei løysing som utvalet må vurdere.

 

Utvalet må foreslå ein eller fleire modellar til korleis tilhøva for tillitsvalde kan bli betre.

 

Behovet for betre vilkår kan variere frå ein klubb til ein annan. Utvalet må kartlegge og vurdere behovet for betre arbeidsvilkår for tillitsvalde i samtlige divisjonar.

 

Arbeidsform: NRKJ dekkar reiseutgifter til møte i Oslo. Men medlemmene må også jobbe på kvar sin kant og halde kontakt med kvarandre utanom møte.

 

Samansetting: Tron Soot-Ryen (Tyholt), Hege Iren Frantzen Nestegard (Alltid Nyheiter) og Jan Børge Leirvik (Hordaland). Leirvik leiar utvalet.

 

Nestleiar Leif-Kjartan Bjørsvik bistår utvalet ved behov

 

Tidsfrist: Utavalet må levere innstillinga si til NRKJ-styret innan 1. mars 2004.

 

 

 

Marienlyst 28. november 2003

 

NRKJ-styret
Idium webpubliseringWEBPUBLISERING