- Kvar gong eg var på lufta var det som terapi, der eg fekk høve til å gå gjennom opplevingane mine, fortalde nyhendereporter
i TV2 Fredrik Græsvik (biletet) under vårseminaret til SFJ på Turtagrø.

Av Geir Arne Solheim
I si trettande væpna konflikt på ni år, har den røynde journalisten opplevd meir enn det som er godt for noko menneske. Fredrik
Græsvik nytta heile helga saman med journalistkollega på Turtagrø, langt vekke frå bomberegn, propaganda og dødsangst. Ja,
for det er ikkje berre, berre å vere i hovudstaden til ondskapens yppersteprest når supermakta USA varslar at nok er nok.
Dei som fekk veksla nokre ord med Fredrik skjøna raskt det.
I skuggen av blondina
- Eg har enno ikkje teke imot noko form for krisepsykiatri. Kanskje smell det ein dag, men så langt har det gått bra, seier
hardhausen.
Den einaste smellen han kunne gå på på Turtagrø var baksmellen, og det vart visst i så måte eit lite bomberegn av NRK-journalistar ut på morgonkvisten søndag. Men Fredrik kom ikkje i bakgrunnen av andre journalistar på denne samlinga. Verre var det i Bagdad. Ei lita, søt norsk, blond jente hadde eit lite overtak på den stakkars TV2-guten. Vi nemner ikkje namn. Dette er Fredrik sin artikkel. Men ho var framme i Kabul, og ho var dronning av Bagdad. Det er ikkje berre på by?n i Midtausten at blondiner vert lagt merke til. Det var eit slag korkje Fredrik Græsvik eller dei amerikanske styrkane kunne vinne ? slaget om mediamerksemda i vesten. Jenta tok seg rett og slett profilmessig best ut på skjermen.
- Det er klart slikt er irriterande. Ein har jo sjølv lyst til å verte hugsa for jobben ein har gjort, kommenterer Fredrik spøkefullt tilhøvet til kollegaen.
Og Fredrik vil nok verte hugsa. Det var berre eit fåtall journalistar som fekk høve til å vere i byen under det amerikanske åtaket. Desse var velkomne av irakarane ? dei ville jo syne fram kva gale koalisjonsstyrkane gjorde med byen deira.
Det small etter kvart mange bomber over Bagdad, men trass i tankar om å verte treft følte Fredrik likevel ein viss tryggleik. Amerikanarane var svært presise i bombinga, og bomma dei først var det med større marginar enn dei 700 metera han hadde til eit av Saddam Husseins palass.
- Ein journalist sa det veldig greitt. Når ein først høyrde smellen var det ikkje noko å vere redd for ? då hadde jo bomba allereie treft bakken. Eg veit ikkje om vi vart meir eller mindre nervøse av den grunn, sa Fredrik.
Adrenalinkick
Likevel vedgår TV2-reporteren at han ikkje heil ufriviljug stiller opp som krigsreporter. Og krigen i Irak vart også ?All
Times High? for Fredrik.
- Det er jo eit adrenalinkick når ein står ute og rapporterer og amerikanske Tomahawkrekatter kvin rundt øyrene på ein. Då er ein ganske høgt oppe, fortalde Fredrik, og skildra ein situasjon vi uinvidde vanskeleg kan ha eit forhold til.
Fredrik reiste heim att etter at krigen hadde vart i to veker. Då opna det seg eit høve til å kome seg relativt trygt gjennom byen.
- Amerikanarane hadde eit system med tallkodar på taket på køyrety. Vi hadde vår eigen TV2-kode, slik at vi ikkje skulle verte bomba. på vegen møtte vi irakiske soldatar og utbrende køyrety, men vi følte oss trygge. Dei som skulle ut to timar seinare måtte derimot vere att i endå 1 ½ veke, og heilt trygge var vi heller ikkje med koden på taket. Litt seinare vart ein koda bil med russiske diplomatar bomba, sa Fredrik.
Ei venta konflikt
No kan vi vente oss ei bokutgjeving av TV-reporteren. Allereie 12. september 2002, etter at Bush hadde tala i FN, skjøna han
at det ville verte krig. Han tok dermed til å skrive ned opplevingane sine og byrja planlegge opphaldet sitt i Bagdad.
- Det var 50 mediar som fekk vere der. Av 8000 søknader om visum var det berre 200 som fekk det Ein måtte difor vere kreativ for å få tilgang. Vi sa at TV2 skulle opprette eit avdelingskontor i Badgdad, og dette skulle vere klart på seks månader. Det var ein måte å få høve til å vere i Bagdad på. Heldigvis, får ein seie, kom krigen tidsnok til at vi ikkje vart avslørt. Kontoret vårt var slett ikkje ferdig, men vart bomba tidleg i krigen, fortalde Fredrik.
På spørsmål om kva han personleg tykkjer om krigen, var han svært nyansert.
- Krigen var vel litt unødvendig. Men samstundes visse eg at irakarane ville få det betre etterpå, særskilt om USA vert ståande med stabiliserande styrkar. Det var jo mykje fokusering på at sivilbefolkninga ville verte mål, men det skjedde ikkje. Det var ingen grunn til at amerikanarane skulle ha sivile mål. Dei ville berre fjerne regimet, meiner Fredrik, som trur Irak kan vekse seg til å verte ein av verdas mest velståande statar.
Han stussa litt på ei bombe som hadde landa i eit marknadsområde og drepe sivile. Amerikanarane fekk fort skulda i media, men Fredrik trur det var ei irakisk bakke til luft bombe som hadde falle ned der.
Og om du lurer på kvifor Fredrik hadde på seg palestinaskjerf i 12 sekund på TV, var det av praktiske årsaker.
- Eg var dårleg i halsen og trong eit skjerf. Situasjonen var uroleg i gatene, og eg følte det var tryggast å ha det på. Skjerfet er eit teikn på ei vennleg handling slik at ein får vere i fred, fortalde Fredrik.

