Takk for meg!

(23.10.06) Tre år som nestleiar og to år som leiar har det blitt. Tida har gått fort, truleg fordi det har vore begivenheitsrike år.

Å vere leiar for NRKJ er eit privilegium. Fordi ein blir kjent med mange kjekke folk. Ein lærer seg heile NRK og mykje om arbeidslivet generelt. Ein får utvikle sider ved seg sjølv og ein får bidra til å utvikle arbeidsplassen og menneska. Det har vore stunder som har vore krevande, og det har vore stunder som har vore tunge.

Men eg angrar ikkje. Det har vore fantastiske år. Mykje humor, mange diskusjonar, endelause analysar og nye diskusjonar. Og mykje reising. Eg har blitt skjelt ut av medlemmar ein dag, geniforklart dagen etter.

Mange spør meg korleis det var å leie organisasjonen i streik. Det er ikkje mogleg å sette ord på det. Det må opplevast! Det var fantastiske dagar, både før, under og etter streiken. Ikkje minst på grunn av det gode lagarbeidet blant alle medlemmane, i forhandlingsutvalet, streikekomiteen og blant alle andre som var sentrale. Alle lærte mykje. Ikkje minst lærte denne organisasjonen at det er mogleg å streike og at det ikkje er farlig.

Ein tillitsvald som får leie ein organisasjon i streik er privilegert. For streik er det einaste maktmiddelet arbeidstakarane har. Ein tillitsvald som har ein samla organisasjon med seg inn og ut av streiken er endå meir privilegert.

Takk for meg!

Leif-Kjartan Bjørsvik

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING