Vi kjem til å vere konstruktive, saklige og samarbeidsvillige. I alle retningar. Det må ikkje oppfattast som svakheit. Eit amerikansk uttrykk seier ”Den kjem lengst den som snakkar lågt, men har med ein kraftig kjepp”.
Vi er har ulike eigenskapar, men begge liker å få gjort ting. Vi skal derfor prøve å vere effektive og målbevisste.
Vi kjem til å prioritere tre område i året som kjem:
1: Lønnspolitikken
Her er det framleis mykje å gjere. Vi har ein lang veg å gå før vi kan slå oss til ro med nivået på grunnlønna. Årsmøtet har
gjeve klare signal som vi i leiinga og det nye styret har notert. Debatten rundt lønnssystemet skal leve. Men vi oppfordrar
til refleksjon.
2: Midlertidig tilsette
Årsmøtet har gjeve klar beskjed om at NRK må handsame vikarar på ein skikkelig måte. Kampen for god og rettferdig behandling
av denne gruppa held fram i året som kjem. Men husk: Det er mange vikarar i NRK fordi det er mange ansatte i NRK. Fast tilsette
skal ha permisjon og så videre. Og det er ikkje slik at ein kvar vikar automatisk har krav på fast jobb. Dette må vi alle
vere tydelige på.
3: Organisasjonsbygging
Dette er eit deffust begrep. Men i lys av arbeidet som er gjort rundt forholda for tillitsvalgte, er det tydelig at det er
behov for å styrke klubbane og klubbleiarane. Korleis det skal gjerast har vi ikkje svaret på i dag, men vi inivterer alle
til å kome med innspel til leiinga eller andre i styret. Så skal det nye styret snarast mogleg diskutere kva vi legg i begrepet
organisasjonsbygging og korleis vi kan styrke organisasjonen vår i alle ledd.
Dette er berre noko av det vi kjem til å jobbe med. I tillegg kjem alle sakene som dukkar opp undervegs og saker som styret meiner vi må handsame.
De har fått ein leiar og ein nestleiar som er bevisst på kva kampar dei vil kjempe. Nokon kan derfor kome til å oppleve at dei ikkje får det svaret dei vil ha når dei tar kontakt. Men som i journalistisk arbeid, må også NRKJ prioritere. Både med tanke på kva tid og krefter vi har til disposisjon og kva som er strategisk lurt å kjempe for.
NRK betaler oss for å stille spørsmål, vere kritiske og diskutere. Slik skal det også vere i denne organisasjonen. Debatten må leve. Men den må foregå på dei arenaene vi har til slikt. Ingen kjem til å oppleve at vi skal forsøke å kvele ein debatt. Men vi oppfordrar til edrueligheit, bokstavlig talt, når vi diskuterer og bryt meiningar med kvarandre.
Ein god regel er å snakke MED folk og ikkje OM folk. Vi skal ha takhøgde og vi skal vere romslige og rause. Kanskje kan vi bli meir rause med kvarandre i NRKJ?
Vi gledar oss til å ta fatt på jobben. Bente og vi som skal ta oss av det daglige arbeidet i Brakka på Marienlyst kjem til å bli eit bra team.
Og det nye styret er sterkt, veldig sterkt. Kompetansen er stor, så utfordringa blir å utnytte ressursane i styret på ein måte som er til beste for NRKJ.
Til dykk som jobbar på Marienlyst: Vi er aldri lenger unna ein ein kort gåtur. Vi kan kome ut i avdelingane eller i Messa. Og dei som stikk innom kontoret for ein prat skal få fersk kaffi!
Og til dykk som ikkje er på Marienlyst: Vi er ikkje lenger unna enn ein telefon. Og frå Oslo er det kort veg med bil eller fly til distriktskontora våre.
Igjen: Takk for tilliten, dette skal bli gøy!
Leif-Kjartan Bjørsvik Pål Hansen
Leiar Nestleiar

