Tariff 04: - Eit resultat med sosial profil

(03.05.04) Auka minstelønnssatsar, 9000 kroner til alle, ein Journalistavtale som omfattar alle typar tilsette og utjamningspott, er nokre av resultata etter årets lønnsforhandlingar. Dette var viktige tema og prinsipp for NJ og NRKJ.

NRKJ-leiinga er glade for den profilen oppgjeret fekk. Vi meiner resultatet kjem alle til gode, spesielt dei som tener minst og alle tilkallingsvikarane i verksemda. Vi dristar oss derfor til   å seie at resultatet har ein sosial profil.

Likebehandling: I avtaleteksten blir det no slått fast at avtalen gjeld både faste og midlertidige tilsette. I paragrafen om lønnssystem blir det også slått fast at faste og midlertidige skal likebehandlast. Dette var to viktige prinsipp for NJ/NRKJ. Vi er derfor glade for at vi fekk til denne endringa i Journalistavtalen.

Minstelønnssatsane blir heva 10.000 kroner. Dette kjem om lag 75-100 tilsette til gode. Og alle som blir tilsette i NRK i framover får nyte godt av denne hevinga.

Utjamningspott: I samband med den årlige lønnsvurderinga skal det også vere ei lønnsjustering . Denne justeringa tar sikte på å rette opp lønnsmessige skjeivheiter. Ramma skal fordelast tilnærma likt mellom avdelingane i forhold til antal journalistar. Ei slikt pott var eit hovudkrav frå klubbane under tariffkonferansen. Dette er altså eit nytt og utjamnane element i det som blir kalla personlige tillegg.

Tilkallingsvikarar: Formuleringar om kva ein tilkallingsvikar er og kva tid den kan brukast. Satsane er heva og tilsvarar ein årlig lønnsvekst på mellom 11.000 og 13.500 kroner. Satsane er no 156 kroner, 172 kroner og 192 kroner i timen. Det var viktig å få ein paragraf om tilkallingsvikarar i Journalistavtalen. Fram til no har NRK fastsett vilkåra og lønna administrativt. No har vi forhandlingsrett også på dette området. Ein viktig siger.

Møte om lønn: Vi har også fått slått fast at det ved inngåing av ny arbeidskontrakt skal vere ein samtale om lønns- og arbeidsvilkår før lønna blir fastsett.

Prosjektleiarane: Ansvarstillegget for nokre av desse har vore urimelig lågt i forhold til omfanget av jobben dei har gjort. No er NRK og vi samde om at dei som har dei største prosjekta kan få meir enn 40. 000 kroner i årlig tillegg.

Fridag: For dei som jobbar ulempe har ein fått fridag etter å ha opparbeidd 13.000 kroner i ulempekompensasjon. Ved omlegging av systemet i fjor haust, minsta mange fridagar og kravet vårt var å få innslagspunktet ned til 10.000 kroner. Vi klarte å få det ned til 12.000 kroner. Vekentlig arbeidstid og fritid er for øvrig eit tema partane er samde om å sjå nærare på til hausten.

Ellers gledelig at tillegget for å jobbe hyppig helg er auka til 700 kroner og at reisetillegget er heva til 350 kroner.

Alt i alt mange viktige sigrar og endringar som kjem folk til gode. Og ingen store system-endringar slik vi gjorde i 2002.

Sigmund Raanes                        Leif-Kjartan Bjørsvik
Leiar                                         Nestleiar 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING