Tariff 04: Kva tid kjem pengane?

(03.05.04) Resultatet etter lønnsoppgjeret blir utbetalt i to rundar. Den største summen gjeld frå 1. april.

Normalt har resultatet frå lønnsoppgjeret vist seg på lønnslippen for juni månad. Altså blir det etterbetaling for april og mai. Vi har ikkje høyrt noko frå NRK om kva tid dei klarer å effektuere årets oppgjer, men vanlegvis skjer det så snart alle detaljar er klare.

Det generelle tillegget på 9000 kroner som alle får, blir betalt ut i to bolkar. 7000 kroner frå 1. april og dei siste 2000 kronene frå 1. juli. 

Her er virkningsdatoane:

Generelt tillegg 7000 kr: 1.april
Generelt tillegg 2000 kr: 1. juli
Individuelt tillegg 1. juli
Individuell justering 1. juli
Prosjektleiartillegg 1. april
Auka reisetillegg 1. april
Auka tillegg hyppig helg 1. april
Redusert delingtal fridag 1. april
Auka satsar tilkallingsvikarar 1. april

 

Det individuelle tillegget (personlig tillegg) utgjer 16 prosent av ramma vår (11 prosent i 2002, 19 prosent i 2003).

Hovudtala ein gong til:
- 9000 kroner til alle
- 13.883 kroner i gjennomsnitt

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING