Tariffbulletin måndag 22. april

(24.04.02) Til no i dag har vi hatt to møte med leiinga. Vi har gjort opp status etter ei veke med forhandlingar og er samde om kva tema vi skal konsentrere oss om resten av veka. Vi er også samde om å be om bistand frå NAVO og NJ og bruke denne hjelpa når vi får behov for det.

Forhandlingsutvalet vårt har ellers brukt dagen til å diskutere leiinga sine forslag til endringar i arbeidstidsreglane i paragraf 6 i Journalistavtalen. Tema som lønnssystem, og reiseavtale er framleis i lufta. Målet er sjølvsagt å få desse trygt ned på bakken innan fredag klokka 16.

Leif-Kjartan Bjørsvik
Nestleiar

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING