Terra, Helse Førde og Aldenbok

(01.04.08) Terraskandalen, vår eigen dekning av Helse-Førde, korleis presseprisvinnarane jobba med saka si og kva vi gjer etter tap av Aldenpengar. Dette er tema på vårseminaret vårt i Balestrand 19-20. april. Vi er omlag 50 påmelde til samlinga vår. - Dette blir ei strålande helg, seier fylkesleiar Stian Sjursen i journalistlaget.

Vårseminaret vårt vert arrangert på Kviknes Hotell laurdag 19.- søndag 20. april 2008. Vi startar laurdagen med lunsj klokka 12. Desse har meldt seg på.

Terrasaka
Terrasaka blir hovudtema under vårseminaret. Finansavisen(SKUPVINNAR) sin journalist Morten Hofstad, Ordførar i Bremanger Kåre Olav Svarstad og Fjordenes Tidende sin journalist Åge Senneseth.

Terje Gilleshammer(NRK) har også fulgt saka tett og leder debatten. Kommunerevisor Ingvar Linde frå Balestrand blir også med i salen. Han påpeika seinast i revisjonsmeldinga for Vik i fjor sommar at investeringane utgjorde ein stor risiko.

Korleis dekker vi Helse Førde
Vår eigen dekning av Helse Førde-saker blir også tema. I denne sekvensen set vi søkjelys på avisene, radio og tv sine helsesaker. Redaksjonssjef i Firda Arild Nybø har lest, sett og høyrt dekninga vår den siste tida, og presenterer sine tankar. I panelet deltek også redaktør i Fjordabladet Tormod Flatebø, klinikkdirektør Arve Varden i Helse Førde og redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen. Sekvensen vert leia av Eldgrim Fossheim(NRK.)

Slik gjorde dei det
Firdajournalistane Astrid Iren Solheim, Helge Johnsen og Svein Heggheim fekk i 2007 presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag. På Skup, den største konferansen for gravande journalistikk i Norden, er dei tre invitert for å fortelje om korleis dei jobba med ambulansesakene som dei fekk prisen for. I Balestrand får også du som ikkje er på Skup høyre journalistane sitt SKUP-foredrag.

Årsmøte
Det blir også ekstraordinært årsmøte om situasjonen etter at vi mister 100.000 i årlege inntekter når Aldenboka går inn.


Festaften

Etter den faglege delen av vårseminaret blir det festaften. Det blir førespel, aperetiff med hotellsjefen, festmiddag med aldenstipend og Palmerevy. Hotellet er fullt av gjester denne helga, og det blir sving på dansegolvet til klokka 02. Deretter opnar vi det etterkvart tradisjonsrike nattespelet vårt.


Spørsmål? Send ein epost til stian.sjursen@nrk.no eller ring han på 95060974.


Laurdag 19. april - Program:

12.00 - 13.00 Lunsj
13.00 - 13.10 Opning m/info om lønsoppgjeret
13.10 - 14.10 Helse-Førde journalistikk
14.10 - 14.30 Slik jobba vi med ambulansesaka/SKUP-foredrag
14.30 - 14.45 PAUSE M/FRUKT
14.45 - 15.45 Ekstraordinært årsmøte om Årboka
15.45 - 16.00 PAUSE M/KAKE
16.00 - 18.00 Terra før, under og etter.
20.00 - Mottaking v/ Hotellsjef Sigurd Kvikne og Festmiddag m/Aldenstipend



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING