Ti journalistar var med i prøveprosjekt

(30.11.04) Ti journalistar frå Hordaland var med då Bergen Journalistlag første helga i november inviterte til kurs i offentlegheit.

Av Ketil Tjore

Kurset kom i stand etter at BJ på landsmøtet i 2003 peikte på at kursa ved
IJ er for dyre for mange små redaksjonar. Lokallaget fekk ballen tilbake,
med utfordring om å skipa til eit kurs i Bergen.


Kursleiar Arne Jensen fortel om domstollova.

5. til 6. november vart det så arrangert eit kurs i offentlegheit, med ti
deltakarar. Dei fleste frå lokalaviser, men Bergens Tidende var også
representert.

Arrangør av dette første av kanskje fleire kurs var Bergen Journalistlag, i
samarbeid med Landslaget for lokalaviser (LLA). Også NJ og IJ var med på
lista over arrangørar, og når kurshaldaren var Arne Jensen frå
redaktørforeninga var alle aktørar representert. Samarbeidsprosjektet er
under evaluering, og det vil kanskje verta arrangert liknande kurs i Bergen
også i 2005.


Kursgjengen samla til lunsj.

Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING