Tillitsråd fredag 12. november

(08.11.04) Fredag 12 november er det tillitsråd i Sogn og Fjordane Journalistlag. Alle klubbar må møte med ein representant.

Program:

  • Konflikthandtering: Kva rolle skal klubbleiaren ta i ein konflikt på arbeidsplassen? Korleis handtera folk som blir skvisa ut? NJ-jurist August Ringvold fortel om konflikter der NJ har vore involvert og gir råd.
  • Landsmøtesaker: Kva saker bør me fremja til landsmøtet i april?
  • Kompetanseheving: Skal me gå vidare med lokale kurs?
  • Lokale forhandlingar: Utveksling av erfaringar og resultat i årets forhandlingar.
  • Oppdatering medlemslister: NJ gir 5000 kroner i premie til det lokallaget som er flinkast på å oppdatere e-post lista. Tam med mail-adressene til dine medlemer.

Klagemuren: Erfaringsutveksling mellom klubbleiarane.

Etter tillitsrådet blir det årsmøte på Sunnfjord Hotel.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING