![]() |
Det har vore høvesvis stille frå fylkeslaget i haust, men det skjer ting i kulissane...
Styret sin aktivitet
Grunna pappaperm tok det litt tid før det nye fylkesstyret fekk konstituert seg og starta arbeidet.
Styret ser slik ut:
Leiar: Bent Are Iversen, Firda
Kasserar: Åge Senneset, Fjordenes Tidende
Sekretær: Karin Flølo, Firda
Infoansv.: Vidar Gudvangen, NRK Sogn og Fjordane
Styret har per 16. desember hatt tre møter, og har brukt ein del tid på Årbok-avtalen (jmf. årsmøtet på Voss.) Styret ser dette no som eit avslutta kapittel, og ber alle medlemmer lese e-post av 12. desember. Kva som endeleg skal skje med midlar som alt er på konto, blir opp til årsmøtet å avgjere.
Tillitsråd
Det vart halde tillitsråd for Sogn og Fjordane Journalistlag på Skei 13. desember.
Her møtte Bent Are Iversen og Vidar Gudvangen for fylkesstyret, Arne Stubhaug for NRK, Keth Øren for Sogn Avis, Dag Frøyen for Firdaposten, Karin Flølo for Firda og Marit Bendz for frilansarane.
Tema for møtet var årboka, lønsoppgjeret 2010, vikarsituasjonen og generelt stemningen rundt om i redaksjonane.


