På tillitsrådet møter alle klubbleiarar innan Bergen journalistlag (evt. annan representant frå redaksjonsklubben). I tillegg møter BJ-styret og representant frå frilansarane.
Meld frå at du (evt. annan tillitsvald) kjem til bs@avisa-h.no innan 10. januar.
Tema for tillitsrådet:
- Presse-/mediestøtte i framtida: NJ-leiar Elin Floberghagen, som sjølv sat i Mediestøtteutvalet, blir med.
- Omorganisering av NJ: Lokallag, konsernlag, klubbar, - kva funksjonar skal dei ulike organa ha, og kva har eigentleg klubbane og medlemmene mest behov for?
- Klubbrunde: Erfaringsutveksling mellom tillitsvalde og innspel til BJ-styret.
Om kvelden same dag arrangerer BJ eit svært spennande møte på Kafé Krystall. Tema og kven som kjem blir offentleggjort om kort tid. Me håpar derfor at flest mogleg av tillitsråd-deltakarane også blir med på dette.

