Til stades: Asbjørn Risbakken (OA), Ingvar Skattebu (OA), Mona Strande (Valdres), Bjørn Korsrud (Valdres), June Persdatter Martinsen (Hadeland), Morten Hansen (Hadeland), Dag Åsmund Larsson (NRK), Ingvild Bjørklund Wangen (NRK), Per Ivar Henriksbø (GD) og Elin Floberghagen (NJ).
- Elin Floberghagen orienterte om aktuelle NJ-saker og saker til landsmøtet 26.–28. april.
Ho sa det er tre område med hovudsaker som NJ konsentrerer seg om:
1. Bransjeanalyse.
Kva satsar bransjen på, og kva slags journalistikk blir drive?
Mediebedriftene byggjer ikkje ned, tvert imot blir det laga mykje redaksjonelt stoff som kjem ut i stadig fleire kanalar. Floberghagen meiner desse kanalane skal fyllast med journalistisk innhald og kvalitet, og det blir ikkje gjort alle stader i dag.
2. Kva slags journalistar har vi?
Mange har lærlingar, praktikantar og trainee-ordningar.
Her ligg det ei utfordring i å ha nok journalistar, og trygge nok journalistar. Det går ut over journalistikken på sikt at så mange ikkje er fast tilsette, og Floberghagen seier dei jobbar for at det skal bli like dyrt å tilsetje folk midlertidig som fast.
Det er arbeidsgjevars marknad, men fast tilsette må ikkje godta at andre får dårlegare vilkår. Ho håpar vi unngår tilstander som på kontinentet, der opp til 60% av journalistane arbeider frilans.
3. Forslag frå arbeidslovsutvalet.
Forslaget går ut på at bedrifter får full adgang til å tilsetja midlertidig tilsette i løpet av ein 6-månaders periode.
Dette kan føre til ein liten fast stab og mange midlertidige tilsetjingar.
Etter orienteringa var det diskusjon om korleis det ligg an i dei ulike klubbane i forhold til punkt 3. Alle klubbane meldte om ryddige tilsetjingsforhold, men det er ulik bruk av vikarar og frilansarar. For fleire er desse viktige for å få det til å gå rundt. Men det er skilnad på kor godt frilansarar får betalt. NJ vurderer å lage frilanssatsar tilpassa dei ulike medietypene.
Andre tema Floberghagen tok opp:
Organisasjonsdebatt om tillitsvalde i dei store konserna.
Det blir vurdert å sidestille tillitsvalde i lokallag og i konsernstrukturar.
Tariffspørsmål og liknande kan gå i retning eigarane.
Institutt for journalistikk
- I kva retning skal IJ gå?
Kva påfyll treng journalistane, og greier IJ å dekke behovet?
IJ avlyser 50 kurs i året, fordi dei manglar deltakarar. Det er ingen mediebedrift nord for Trondheim som har noko med IJ å gjera, det same gjeld for mange små bedrifter. Nå skal dei bruke 1 år til å kartlegge behova i bransjen.
Floberghagen seier det er overraskande lett å få STUP-midlar, men det er få søkjarar.
Diskusjonen etter orienteringa om IJ, viste at det er ulik praksis i dei forskjellige redaksjonane i forhold til å sende folk på kurs.
- OJ-leiar Asbjørn Risbakken orienterte om aktuelle saker.
1.Fristen er ute til å koma med aktuelle namn til valkomitéen i forhold til landsmøtet.
OJ har ikkje fått inn nokon forslag.
2. Fristen til å koma med saker til landsmøtet er 26. februar. Heller ikkje der er det kome innspel.
Bjørn Korsrud tok opp problemstillinga om at dei avistilsette ein ikkje får helgedagstillegg julekveld, nyttårskveld, påskeaften og pinseaften.
Elin Floberghagen svara at dette kravet vart stilt i fjor, men gjekk tapt i streiken. Det bør heller vera eit spørsmål i neste tariffrunde enn sak på landsmøtet, var rådet frå ho.
3.OJ skal ha 3 delegatar til landsmøtet, utrekna på bakgrunn av medlemstal. Desse 3 blir leiar, nestleiar og fagleg sekretær.
Dei store redaksjonsklubbane GD og OA er ivaretatt gjennom dette valet, det same er dei små avisene. NRK blir ikkje ivaretatt på same måte, men det var ingen innvendingar mot å gjera det slik.
4.Innspel frå Nordiske Mediedager i Bergen.
Dei har hatt journalistar ute i ungdoms- og vidaregåande skular til å prate om journalistyrket. Denne ordninga vil dei gjera landsomfattande. Spørsmålet er om nokon er interessert, og om arbeidsgjevarane vil gje fri til slik verksemd. Dette kan gjerast som eit samarbeid med ”Avis i skolen,” og her finst det ein kontaktperson hos Fylkesmannen.
Denne førespurnaden bør sendast både til klubbane og bedriftene.
Orientering om stoda i klubbane.
OA
Har hatt eit spesielt år, med organiseringsspørsmål som aldri tek slutt. I mediehuset OA skal nye media inn, osv.
Ingen har mista jobben, og det er klubben nøgd med. To har tatt imot AFP.
Ein sentralstyrt prosess i A-pressen, basert på kortsiktige prognoser, har skapt skrekkscenario. Men det har vist seg at det har gått bra likevel. OA hadde 120 tilsette for nokre år sidan, men skal ned i litt over 70. Redaksjonen blir i stor grad skjerma.
Lønsforhandlinga ga 9500 kroner flatt, og det er ikkje klubben nøgd med.
Streiken: Forholdet mellom leiinga og klubben kom betre ut av det i 2004 enn ved førre streik. Denne gongen var det rydda i forkant , og det hjelpte på klimaet når folk kom attende på jobb.
VALDRES
Avisa har kome på rett kjøl økonomisk etter Samhold-eventyret i 1998.
For nokre år sidan skulle avisa fjerne årsverk, men det har nå roa seg.
I lønsoppgjeret fekk Valdres-tilsette 9000 kroner, inkludert det som kom frå sentralt. I tillegg til årsløna får dei i avisa 6,7 % i tillegg til årsløna i betalt matpause.
Valdres vart ikkje tatt ut i streik, og det meiner klubben er like greitt, fordi folk er lei.
NRK
Ikkje nøgd med lønsoppgjeret, men meiner det blir ein aldri.
Stoda i NRK Oppland er elles bra, men det er lite engasjement i klubben. NRK føler dei står litt på sidelinja i forhold til avisene, og bruker heller NRKJ som tenesteveg med aktuelle saker, framfor OJ. NRK har eit godt utbygd apparat i så måte.
HADELAND
Nøgd med dei lokale lønsforhandlingane, som gav mellom 12 og 15 000 kroner.
Under streiken var det lite usemje mellom klubb og leiing.
I klubben er det stor diskusjon for tida om avisa skal gå over til eit nytt redaksjonelt system.
GD
Lønsforhandlinga gav 10.000 kroner flatt, inkludert sentralt tillegg. Klubben er redd for interne motsetnader dersom avisa går over til individuell tildeling.
Klubben i GD har det bra, og rett før nyttår vart det oppretta to nye journaliststillingar. GD set pris på å vera utanom dei store konserna.
07.02.05
Ingvild BW

