Tre journalistar får aldenstipend

(08.03.05) Tre journalistar frå Sogn og Fjordane deler dei 45000 kronene i Aldenstipendet. Katrine Sele, Halvard Lægreid og Åge Senneset fekk utdelt prisen under vårseminaret til journalistlaget på Nordfjordeid.

Det kom berre inn tre kandidatar til Alden-stipendet i år. Det er ein markant nedgang i høve til i fjor då det var åtte søkjarar. Sogn og Fjordane journalistlag skal til saman dele ut 45 000 kroner, og her har journalistar anledning til å realisera draumar og reportasjeidear ein ellers ikkje har mulighet til.

 




Aldenstipend-vinnarane 2005: Halvard Lægreid(t.v), Åge Senneset og Katrine Sele. Foto: Hilde Genberg.

Fleire må søkje

Styret i Sogn og Fjordane Journalistlag som og har vore jury for utdelinga finn det merkeleg at ikkje fleire søkjer.

 

- Vi oppmodar dirfor om at medlemene alt no tenkjer igjennom prosjekt ein kan søkje for til neste år. Det seier leiar Lars Kristian Solem.

 

Havbeite for hummar

Årets første pris gjekk til ein journalist som vil realisera ein reportasjeidè. Kandidaten har spesialfelt innan ei av primærnæringane våre. Han søkte om støtte til å få reise til Cornwall i England der han skal sjå på etableringa av havbeite for hummar – noko som er aktuelt i heimkommunen Bremanger. Åge Senneset får 15 000 kroner av aldenstipendet til å realisere turen.

 

 Samtidsdokumentar

Årets andre pris gjekk til ein person som vil realisera ein bokide. Planen er å laga ein samtidsdokumentar frå Sogn og Fjordane. Boka skal ikkje bli noko nytt ”Der ingen skulle tru at nokon skulle bu” men eit poetisk og subjektivt bilete av Sogn og Fjordane anno 2005. Bak ei slik bok ligg det mykje arbeid. Katrine Sele får 20 000 kroner til medfinansiering av boka.

 

 Reiser til Columbia

Årets tredje og siste stipend er i kategorien for å realisera ein reisedraum. Journalisten er blitt fasinert over landet Columbia. Halvard Lægreid i Sogn Avis har søkt om støtte til å fullføra ei reportasjereise til Columbia. No får han10 000 kroner med seg på reisa frå Sogn og Fjordane journalistlag.

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING