Siste Aldenbok
Alden Forlag, som har gjeve ut denne årboka i 15 år, gav i vinter beskjed om at dei gir ut si siste årbok i år. Journalistlaget får i år 90.000 kroner for at forlaget får nytte bilete som våre medlemmer har tatt. I 2009 skulle vi fått 100.000 kroner i følge opptrappingsavtalen. Pengane vert brukt til stipend til medlemmer og betalt sekretær for Sogn og Fjordane journalistlag.
![]() |
| Årboka for Sogn og Fjordane |
Forhandlingane førte på fredag til eit utkast til avtale mellom Selja Forlag og journalistlaget. Avtalen gjeld for eit prøveår i 2008. Journalistlaget vil i prøveåret godta ein mindre sum enn vi skulle hatt.
Ikkje Selja-navn
Laurdag var medlemmene i journalistlaget samla til ekstraorinært årsmøte for å ta stilling til avtalen. Selja forlag ønska at stipendet skal ha namnet Seljastipendet. Dette ville ikkje årsmøtet. Desse punkta er no fjerna frå avtalen, og dette er også godkjent av Selja Forlag.
Meir pengar
Medlemmene gav også kraftige signal om at det i ein ny avtale, etter prøveåret, må leggast meir pengar på bordet.
Styret i journalistlaget har no eit samrøystes årsmøte bak seg for å føre forhandlingane vidare, og signere ein avtale med forlaget. Dette blir gjort i løpet av dei næraste dagane.
Alle medlemmer i NJ vil då få tilsendt ein kopi av avtalen, og høve til å reservere seg fra den.


