Urettferdig praksis?

(28.06.05) Fleire medlemmer meiner praktiseringa av det interne etiske regelverket er for streng. Vi har derfor diskutert saka med kringkastingssjefen. Resultatet er at

leiinga set i verk tiltak for å sikre ei meir felles praktisering frå avdeling til avdeling.

Men kringkastingssjefen er ikkje innstilt på eit meir liberalt regelverk. Det kom fram under møtet i Samarbeidsutval 1 15 juni.

Det har vore fleire oppslag i media om NRK-tilsette som ikkje får leie eksterne arrangement. Det har også vore oppslag om folk som har tatt oppdrag utanom NRK som dei ikkje burde tatt.

NYDI praktiserer ei "nulltoleranse" på eksterne oppdrag. Vi kjem til å ta dette opp direkte med divisjonsleiinga for å ei evaluering av om det er nødvendig å vere så streng.

Vi har sett at praktiseringa har vore ulik frå avdeling til avdeling. Og tilsette har fått ulike svar og ulike grunngjevingar. NRKJ-leiinga håpar ei meir lik praktisering frå person til person, avdeling til avdeling og divisjon til divisjon kan før til mindre støy og færre misforståingar og uro knytt til dette temaet.

Regelverket er jo basert på skjønn, så den dialogen kvar og ein klarer å skape med sjefen sin kan ha ei betydning for kva svar ein eventuelt får.

Men NRKJ-leiinga meiner vi generelt må vere forsiktige med å ta eksterne oppdrag. Som journalistar er vi avhengig av å vere frie og uavhengige. Ingen kan få høve til å stille spørsmål ved integriteten vår.

Leif-Kjartan Bjørsvik
Leiar NRKJ

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING