Nytt tilsettingsreglement blei klart i slutten av september. Men kritikarane meiner det berre er ny innpakking av det gamle. Rektor ved skulen prøver å balansere så godt han kan, medan ein representant for eigaren (Norsk Luthersk misjonssamband) ikkje gjer anna enn å bere ved til bålet.
I skrivande stund er det berre ein ting som er klart: alt er uklart.
Det er ein særs uheldig situasjon for studentane. Unge, ivrige og engasjerte folk som ufrivillig har havna midt i ein teologisk konflikt.
Journalistlaget i NRK er ikkje part i denne saka. Vi har aldri vore det, og kjem mest truleg ikkje til å bli det. Men vi er samde med dei som seier at mediehøgskulen ikkje kan diskriminere ved tilsetting av lærarar.
Det har aldri vore aktuelt for NRK å nekte studentar frå Gimlekollen praksisplass. Men leiinga har sagt at ein ikkje vil halde fram det utvida samarbeidet ein har hatt. Over 20 studentar har hatt praksis i NRK kvart år, og dei har hatt ein eigen rettleiar.
Måndag 3. oktober møtte eg studentane ved Gimlekollen. Høvet var studentaksjonen til NJ. Nestleiar Elin Floberghagen leia "delegasjonen" og klubbleiar Christian Stavik i Fædrelandsvennen var også med.
Bodskapet mitt var:
- enten studentane kjem til NRK som ein del av eit utvida samarbeid,
- eller dei må konkurrere seg inn på linje med andre studentar,
- eller dersom/når dei får seg jobb i NRK
så er dei hjarteleg velkomne som kollegaer!
Mitt inntrykk er at det er kvalitet over studentane frå radio- og tvlinja ved Gimlekollen. Og som med alle oss andre vil det vere det dei presterer, det dei "leverer" som vil vere avgjerande for karriera deira. Kva logo som står på vitnemålet er mindre viktig.
Eg oppfordrar alle tillitsvalde og medlemmar til å ta godt i mot studentane frå Gimlekollen!
Leif-Kjartan Bjørsvik
Leiar, NRKJ

