Ut av rammene og ut i naturen

(04.10.05) Forteljarglede var eit sentralt tema under årsmøte på Frønningen sist helg. Førelesar i journalistikk Jo Bech-Karlsen brukte den korte og konsise sjangeren Haiku som metode for å fokusera på den gode og overraskande
historia og naturen vart nytta som klasserom.



Om kvelden tok skogeigar Vilhelm med dei 21 deltakarane med på ei flott villmarkoppleving under det karakterisriske fjellet Bleia. Rundt leirbålet fekk forteljarkunsten leva fritt.

Ei engasjert gruppe diskuterte korleis ein kan fri seg frå fastlåste nyhendekriteria der nyhendekriteria vert opplevd som eit fengsel for kreative journalistar. 

Det var god stemning rundt leirbålet på Frønningen.

Sundag fortalde styremedlem i NJ, Audun Solberg, om kva saker som står sentralt i organisasjonen.

Dei fleste av deltakarane fekk oppleva ein del av fylket dei ikkje har vore tidlegare, og dei fekk innblikk i korleis skogeigar Vilhelm Rumohr opplevde innføringa av verneområde rundt Nærøyfjorden.

Deltakarane fekk også sjå det spesielle hovudhuset og miljøet som forma den kjende kunstnaren

- Lars Kristian Solem, avtroppande leiar - 



NJ-gjengen på Sognefjorden, på veg til Frønningen.


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING