Utan påhalden penn

(08.12.03) Hans Petter Martinussen frå Byrknesøy er journalist for Ytre Sogn i Gulen. Korleis er det å vera einsam journalist mellom holmar og skjer i konkurranse med Firda, Nordhordland, Strilen og Bergens Tidende?

- Forteffeleg. Eg har ikkje hatt det så kjekt sidan eg var redaksjonssekretær i Strilen fram til tidleg på 90-talet. Eg har stor fridom til å gripe fatt i det eg har lyst å jobbe med. Sjølvsagt følgjer eg opp dei kommunale sakene i Gulen, delvis og i Solund og Hyllestad. BT ser eg berre når det er kongevitjing, Firda har eg treft ein gong på to år, men gamle kolleger frå Nordhordland og Strilen møter eg av og til. Dei gjer ein god jobb på kommunepapira. Kommunestyremøta har eg stort sett for meg sjølv.

 

Eg er ikkje tilsett i Ytre Sogn, men utlånt frå Aetat. Redaksjonen har eg heime, og leverer tekst og bilete til Høyanger som vedlegg til E-post. Eg har nesten dagleg kontakt med redaktøren over telefon. Særleg set eg pris på at eg ofte får boltre meg med bilete på midtsidene.

Det hender sjølvsagt at hovudet er tomt. Då saknar eg kolleger. Det var difor særs kjærkome med seminarium og samansurium i Kalvåg. Til neste samling kan eg godt tenkje meg avsett ein time til problemet: «Korleis ta kommandoen over det automatiske digitalkameraet».

? Håpe ?



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING