Utfordringar, men inga krise

(23.10.07) - Vi manglar 90 millionar, det vil eg kalle utfordringar. Kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas tilbakeviser påstandar om økonomikrise i NRK.

NRK i krise? Årsmøtet til NRKJ på Klækken inviterte til debatt på sin opningsdag. Kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas fekk oppdraget å svare på korleis det eigentleg står til med økonomien. Sjefen sjølv var rask til å leggje krisa på hylla.

- Nei, eg ser det ikkje som noko krise. Eg vil minne forsamlinga på at for fyrste gong på mange år så har vi fått lisensauken vi ønskja oss. Hjå kringkastarar i Europa er det andre som peiker på oss og fortel om draumesituasjon, fortalde Bjerkaas.

Fleire utfordringar
Sjølv om krisa vart lagt på hylla, hadde kringkastingssjefen ingen vanskar med å erkjenne at det er åtskillige utfordringar i tida som kjem.

- Vi manglar 90 millionar utanfor rammene til kringkastar. Her må vi gjere noko. Fleire forslag er allereie på bordet og godt kjend. – Men de har så langt dømd dei fleste nord og ned.

Bjerkaas la og vekt på åtskillige sportsutfordringar i tida som kjem.

- I 2010 står både Fotball VM og vinter- OL på programmet. Dette kostar mykje. Eg treng vel ikkje seie meir enn ordet digitalt bakkenett, før de forstår at også dette er ei stor utfordring.

Stillingsstoppen måtte Bjerkaas også svare for. Her svara kringkastingssjefen at ei auke i 11 prosent i personalkostnadane sidan i fjor, var hovudårsaka til at dette vart sett i verk.

Sjå her
Hjå årsmøtedelegatane var det derimot langt fleire utfordringar å spore. Talarlista fylde seg raskt etter at Bjerkaas gjekk ned frå talarstolen. Fleire ville fortelje om krise frå sin kontorpult.

- Eg hugsar ein gong vi brukte 30 000 på å leige ein båt for å ta bilete på Ekofisk. I dag handlar alt om manglande pengar og frustrasjon, poengterte klubbleiar i Dagsrevyen Lars Sigurd Sunnanå. Kollega Astri Husø fortalde om sin kvardag med både tre og fire ulike direkteinnslag på ein og same dag.
- Vi slit oss ut, går overtid og vert sjukemelde. Er det slik du vil ha det?

- Det er krise, ingen tvil om det. Vi får ikkje unge jenter til å kome til NRK lenger, når det berre handlar om å arbeide overtid. For å vere tabloid, som vi må vere i vår nye nettkvardag, det er vel ikkje lenge før barnevernet kjem og tek borna vore, sa Bo Lilledal Andersen i NRK Telemark.

Vil lytte
Særleg frå NYDI tillitsvalde var kritikken krass mot kringkastingssjefen. Bjerkaas svara at han gjerne ønskjer å vite meir frå sine sjefar.
- Eg er villig til å gå i diskusjon med både sjefar de har, dykk sjølve og verneombod om kor grensa går. Vi lyt i fellesskap finne ei grense på kor langt og kor mykje ein må arbeide

- Likevel, eg vil minne forsamlinga om at det er gjennom endringar NRK vert betre. Slik har det alltid vore.

FOTO: Therese G Pisani



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING