- Søknadane som kom inn var gode, men det var ingen som hadde det ønskje om å grave som vi hadde håpa på, seier Sørland.
Ny sjanse til hausten Vårseminaret til journalistlaget debaterte i helga mangelen på undersøkande og gravande journalistikk. Der vart det etterlyst høve og tid til å få drive slikt arbeid. Juryen ønskjer å hjelpe til med gi journalistar sjansen til å grave. Difor får journalistane i fylket ein ny sjanse til å levere inn aldensøknadar som handlar om slikt arbeid. -Då deler vi ut eit stipend på 15000 kroner til den beste søknaden om å få drive gravande lokaljournalistikkk, legg Sørland til. |
GIR SØKJARAR EIN NY SJANSE: Leiar i SFJ Jon Sørland. |
Frist 1. september
Fristen for å levere inn søknad om det siste aldenstipendet på 15.000 kroner er 1. september. Søknadane som kom inn til juryen i januar vil også bli vurdert av denne juryen. Er ingen av dei nye søknadane betre enn dei gamle, vil den beste av dei gamle bli tildelt stipendet.
Har du alt no ein søknad klar kan du sende den til geir@inmedia.no


