Vår jobb, rett og plikt å undersøkje

(08.12.03) - Staten, det er vi, sa frilansar Gunhild Sindre ublygsamt på SFJ si fleirdagssamling på Kalvåg. ? Alle forvaltingsorgan er til for innbyggjarane her i landet. Som journalistar representerer vi innbyggjarane, og vi krev innsyn på vegne av dei. Mange i forvaltinga tykkjer det er utidig at vi kjem og rotar i sakene deira, men det er vår jobb, vår rett og vår plikt.

Omlag slik kan vi summere opp nordfjording og frilansar Gunhild Sindre sitt innlegg. Ho er levande oppteken av offentlegheit, meiroffentlegheit og meir offentlegheit.

 

Krev innsyn

? I utgangspunktet er alle dokument offentlege, som det står i lovens hovudregel, paragraf 2. Alle kan krevje innsyn i innhaldet i dokumenta. Og sjølv om eit dokument er unnateke offentlegheit i medhold av lov, så skal forvaltingsorganet likevel vurdere om innhaldet kan gjerast kjent, heilt eller delvis, forklarte Sindre, og ho har sjølvsagt heilt rett. Men var du heilt klar over dette?

 

  Det er i offentlegheitslovas paragraf 5 og 6 at du finn dei mest vesentlege punkta, forutan det som står i paragraf 2. Pugg difor desse. Dei går på unntaksreglane, og vert synda mot ofte.

 

Det går til dømes ikkje på rikets tryggleik laus om eit kommunalt skriv vedrørande kulturbudsjettet skulle verte krevd framlagd. Men det kan vere gradert etter §6 av den kommunale sakshandsamaren, slik for eigen tryggleiks skuld. Kanskje ikkje så kjekt å avsløre at rådmannen brukar pengar på noko i eigeninteresse? ikkje så kjekt for rådmannen, i alle høve. Men for lesarane dine kan det vere svært nyttig om du tek deg bryet med å undersøkje nærare årsaka til unndraging.

 

Som regel er det dei lengst nede i systemet som er usikre på lova, og dermed syndar mest. Klagevegen er då oppover. Ofte held det med ei lita telefonsamtale, og vips så sit du og les i dokumentet minuttet seinare.

  - Dersom det vert løyvd pengar til noko, då har du vegen din inn i sakstilfanget, tipsar Sindre om.

  Og står du heilt fast, så køyrer du dei på §2 om meiroffentlegheit. Det er mykje du kan få ut, då organet skal vurdere offentleggjering. Ein kan til dømes ta vekk nokre namn eller stadar, og så var det ikkje så farleg likevel. Gjer det til ei øving å alltid setje spørjeteikn med unndraging, dersom du luktar lunta.

 

BB: Geir Arne Solheim



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING