Vårseminar - set av helga 8. - 10. april!

(19.01.11) Fylkesstyret har vore på seminar i Roma og lagt grunnlaget for det som skal bli ei lærerik og sosial helg i april.

Sogn og Fjordane Journalistlag sitt vårseminaret 2011 skal haldast 8. - 10. april. Seminarstad blir truleg Hotel Alexandra i Loen (med atterhald om at økonomien tillet dette, og at kostnaden ikkje går på bekostning av det faglege innhaldet).

Det skal sjekkast ut prisar på andre hotell i tillegg før stad vert endeleg bestem. Men, merk av datoen alt no og førebu deg på fagleg påfyll og sosialt samkven med kollegaer frå heile fylket!

Styreseminar i Roma

Det årlege styreseminaret vart i år lagt til Roma med fylkesleiar Bent Are Iversen, og Karin Flølo, begge Firda, Åge, Senneset, Fjordenes Tidendog Geir Bjarte Hjetland, Sogn Avis (vara for Vidar Gudvangen).

Her vart det halde tre kreative styremøter der ein hadde som mål å skape eit vårseminar som held høg kvalitet, og ikkje minst skal gjere oss til betre journalistar/vaktsjefar.

Ny vri på vårseminaret

Styret vil i år satse på ein ny modell for vårseminaret. Utfrå diskusjonar har vi valt følgjande løysing:

Seminaret vert bygd opp med to plenumsamlingar, og tre workshops, med avgrensa tal deltakarar på kvar ws.

Kvar foredragshaldar må presentere ein kort analyse av dagens situasjon i plenum før deltakarane går til kvar sin workshop. Etter ws skal vi samlast igjen til ein plenumsdebatt kring dei ulike emnene.

Tre tema: Nettjournalistikken i fylket/avisenes nettsider. Design. Foto.

Førebels program:

Fredag 8. april:

18.00 Tillitsråd for klubbleiarane

Laurdag 9. april:

10.00 Samling i plenum

11.30 Oppstart workshop

13.00 Lunsj

14.00 Vidare workshop

16.30 Samling i plenum / debatt

20.30 Middag

Søndag 10. april:

10.30 Brunsj, takk for no

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING