-Folkemusikkfestivalen inneheld mykje bra, men etter snart 20 år har han enno ikkje greidd å plassere Førde på kartet, seier
ho.
- Verda kjem ikkje til Førde, verda blir betalt for å kome hit. Festivalen oppnår ein liten halvtime sendetid i NRK, og er
stort sett gløymd, straks han er over. Og for unge menneske i byane blir Norsk Countrytreff på Breim symbolet på eit fylke
som ligg på etterskot. Vi blir ein del av landet der folk er nokså enkle og lite langtkomne. Var eg ikkje sjølv frå Sogn og
Fjordane og visste betre, ville eg tenkt at dette her er det fullstendige harryland, når eg såg innslaga om countryfestivalen
på TV, seier Førsund.
Firda laga denne saka med Førsund i haust: http://www.firda.no/nyhende/toppsak_framside/article2419414.ece
Debatt under vårseminaret 2007 i Førde. MELD DEG PÅ HER!

