Jan skal delta i DENNE SEKVENSEN under vårseminaret. MELD DEG PÅ HER!
Jan Nyberg gjekk ved årsskiftet av som kulturredaktør i Bergens Tidende. I ein av sine eigne kronikkar fortel han om ein dag
på besøk hjå fylkeskommunen.
- Fylkesrådmann Jan Øhlckers er innflyttar. Han lurer på kva eg skal gjere i fylket, og kor lenge eg skal vere her. Eg fortel at eg skal knekke Sogn og Fjordane-koden, og har tenkt å gjere det på tre månader. Han ler rått, og fortel han har vore her i snart tretti år og ikkje greidd å knekke koden enno.

