Valkamp berre for halve folket?

(18.09.07) Hausten startar i HJ med debattmøte. Frank Aarebrot har lova å koma til Haugesund torsdag 20. september for å snakka om eit kommuneval der snaut 60 prosent av veljarane deltok

 

Valkamp berre for halvparten av folket?

 

 

Landets mest kjende valforskar og kommentator

 

Frank Aarebrot

 

 gjestar Haugesund Journalistlag

 

Torsdag 20. septemberkl 19.00

 

i Rica Martim Hotell i Haugesund

 

Innleiig, debatt, mat og drikke

 

I tillegg til Aarebrot kjem redaktør Ronny S Carlsson frå Haugesunds Avis, som har følgd valkampen i distriktet på nært hald.

 

Redaktør Lars Mæland i Sunnhordland har vore med i eit lokalavisprosjekt, som skulle auka valdeltakinga.

 

 Frp-politikarar, Randi Rettedal,  frå Tysvær,  som vann valet men tapte makta. Korleis er det å vinna valet men bli halden utanfor når posisjonar skal fordelast?

 

 

______________________________________________________________________________

Aldri før har media bruka så mykje ressursar og så mange ulike kanalar på til valkampdekking og debatt

Likevel er valdeltakinga i snautt 60 prosent.

 

*Kvifor greier ikkje media å engasjera folk heilt fram til valurnene?

 

*Drep me interessa med overdosar av dårleg innpakka valflesk?

 

*Er veljarane for feite, nøgde og velfødde til å umaka seg fram til vallokalet?

 

*Er politikarane for lite flinke til gripa sakene som engasjerer folk?

 

*Greier lokalpolitikken å engasjera dei rette personlegdommane til å fronta partia?

 

Me utfordrar panelet til å svara og H.J.- medlemmene til å spørja og debattera medan me har  valet i friskt minne.

______________________________________________________________________________

 

 

 

Påmelding til kasserar Eli Osland ( eli.osland@haugesunds-avis.no)  innan onsdag 19. september kl. 16.32.

 

 

Vel møtt til debatt

Med helsing

styret i HJ

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING