Vedtekter for "Fotopris"

(14.01.05) Vedtekter for Sogn og Fjordane Journalistlag sin fotopris.

Nye fotoprisvedtekter per 12. november 2004:

A) Prisen gjeld for journalistar og fotografar som er medlem av SFJ.

B) Det vert delt ut ein (1) pris.

C) Kvar kandidat skal plukke ut 1. stk bilete, publisert i løpet av siste kalenderår. Biletet skal sendast inn digitalt.

D) SFJ sin fotopris skal ha namnet: SFJ sin fotopris

E) Biletet skal:

* Ha bodskap, og stå som eit sjølvstendig journalistisk produkt.

* Ha vore publisert.

* Ikkje vere manipulert utover vanleg bildebehandling.

F) Kopi av avissida/eller avisa der biletet stod på trykk, evt. utskrift frå nettavis, kan leggast ved i tre eksemplar for å styrkje kandidaten. Det skal også gje ei grunngjeving for biletet.

G) Tre personar skal sitje i juryen. Minst ein i juryen skal ha fotofagleg bakgrunn. Juryen skal oppnemnast av styret i SFJ. Grunngjevinga av vinnarbiletet skal vere skriftleg.

H) Finn juryen ingen verdige vinnarar mellom dei innsendte kandidatane,

kan dei avstå frå kåring eller på eige grunnlag kåre ein vinnar blant medlemmane i SFJ.

I) Dersom juryen har kåra ein vinnar, skal prisen delast ut under årsmøtemiddagen.







Idium webpubliseringWEBPUBLISERING