Vedtekter for ”Alden-stipendet”

(22.11.05) Her har du vedtektene som gjeld dersom du skal søke om Alden-stipend.

Vedtekter for ”Alden-stipendet”  

Vedtekne på årsmøtet i Sogn og Fjordane Journalistlag. Førde, laurdag 21. oktober 2007

Desse vedtektene er utarbeidd av Sogn & Fjordane Journalistlag (SFJ), og gjeld opphavsmidlar frå Årboka Sogn og Fjordane, utgjeve av Alden Forlag.  

 

Vedtektene gjeld årleg utdeling av stipend til bidragsytarane til den nyaste utgåva av årboka. Ikkje-bidragsytarar kan søkje på eitt av stipenda.

 

Alden Forlag forpliktar seg til å betale 100.000 kroner til SFJ. Pengane skal setjast inn på eigen konto i Sparebanken Sogn og Fjordane, og nyttast til stipend til medlemmene i laget og drift av organisasjonskontor.

 

Det skal i utgangspunktet delast 65.000 kroner i stipend. I utgangspunktet skal det  delast ut fem stipend, med ein maksimal sum på 20.000 på eitt stipend. Styret fekk av

årsmøtet 1998 fullmakt til å vurdere søknadene samt storleiken på stipendet, og eventuelt gradere stipenda etter kvaliteten på prosjekta. Styret har også høve til å forkaste søknader og setje pengane over til neste års pott.  

 

Alle søknadene om stipend skal grunngjevast og ha eit klart journalistisk føremål. Det er ikkje krav om at stipendet skal føre til ein artikkel, eit program, ei bok eller liknande. Det er likevel krav om at den som får stipendet, nyttar det til noko som er relevant for ein journalist/fotograf. Stipendstyret står fritt til å vurdere om søknadene stettar desse krava.

 

Alle som får stipend må stille på ein årleg Alden-Aften og fortelje om sitt prosjekt, og i tillegg levere ein kort rapport om kva stipendet har vore nytta til.  Rapporten skal vere stipendstyret i hende eit år etter at stipendet er delt ut. Dersom søkjaren ønskjer at føremålet med stipendet skal haldast hemmeleg, pliktar stipendstyret å handsame det konfidensielt. Dette gjeld berre fram til avslutningsrapporten er levert.

 

Alle som får stipend pliktar å betale tilbake pengane, om dei ikkje følgjer vedtektene. Dette skal dei skrive under på når dei mottek stipendet. Det er styret i Sogn & Fjordane som betalar ut stipendet, under fagleg samling om våren.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING