Presseprisvedtekter, vedtekne 21. oktober 2007
Presseprisen i SFJ skal delast ut til ein eller fleire journalistar/fotografar som har bidrege med god journalistikk. Prisen skal delast ut på grunnlag av innsendt materiale, eller ut frå juryen sine eigne observasjonar.Ein jury opnemnt av styret i SFJ, får fullmakt til å peike ut årets presseprisvinnar.Alle kan sende inn kandidatar på både interne og eksterne kandidatar. Redaksjonklubbane har eit særskilt ansvar.Samtlege kandidatur skal grunngjevast, og udokumenterte forslag kan verte forkasta av juryen. Materiale som klubbane meiner styrkjer kandidatane sine sjansar til å få prisen, kan leggjast ved. Dette kan vere artiklar, foto, radio/fjernsynsprogram og anna dokumentasjon på grundig og godt journalistisk arbeid. Dokumentasjon skal helst leggast ved digitalt i pdf-format eller på e-post. Alt fysisk grunngjevingsmateriale (aviser, CD/DVD-opptak) må kome i tre eksemplar.Prisen skal delast ut på SFJ sitt årsmøte og har ein verdi på 5.000 kroner.