Vegen videre med individuell lønn

(30.10.05) Årsmøtet vedtok at vi skal ha eit lønnssystem med individuell lønn. Men det må gjerast endringar. Styret har allereie etablert eit utval som skal jobbe vidare med konkrete forslag.

Årsmøtet vedtok med 45 mot 4 røyster at vi framleis ønskjer ei ordning med personlege tillegg.

Alle som tok ordet i debatten meiner dagens system ikkje er godt nok og at det må gjerast endringar. Heile årsmøtesalen deltok i arbeidet med å foreslå konkrete endringar. Årsmøtet vedtok å delegere til styret å etablere ei gruppe som skal jobbe videre med forslaga.

Under det konstituerande styremøtet fredag morgon vedtok styre følgande gruppe: Jørgen Aune Hagen (Tyholt), Stian Sjursen (S&F), Hege Iren Nestegard (Dagsnytt), Nina Eineim (Troms) og Hege Holm (Dagsnytt/NRKJ-styret/forhandlingsutvalet).

Gruppa skal levere i god tid før tariffkonferansen i februar.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING